Hopp til innhold

Frykt for blodig frigjeringsdag i Ukraina

I svartehavsbyen Odessa i Ukraina er det stor frykt for nye blodige samanstøytar på frigjeringsdagen etter andre verdskrigen.

Odessa flammer

Fleire titals menneske omkom i ein brann i ein fagforeiningsbygning i Odessa sist helg.

Foto: Ap

9. mai er dagen då både Russland og Ukraina feirar sigeren i andre verdskrigen, og det er frykt for valdelege samanstøytar mellom pro-russiske grupper og grupper som støttar regjeringa i Kiev i fleire ukrainske byar.

Oljeprisen er på veg oppover igjen, og årsaka er truleg frykt for at den spente situasjonen i Ukraina skal utvikle seg til ein fullskala krig

Vladimir Putin på Den raude plass i Moskva 9. mai.

Vladimir Putin i godt lune under militærparaden på Den raude plass i dag.

Foto: GRIGORY DUKOR / Reuters

Klokka åtte norsk tid starta ein gigantisk militærparade på Den raude plass i Moskva i samband med frigjeringsdagen. I talen sin hylla president Vladimir Putin den russiske hæren med store ord.

– Dette er ein dag då dei overlegne patriotiske styrkane triumferer, og alle kjenner vi ekstra sterkt kva det betyr å vere tru mot fedrelandet og å vere i stand til å kjempe for interessene våre, sa Putin blant anna i talen.

Putin til Krim?

Det er også knytt stor spenning til om Putin etter paraden på Den raude plass, vil reise vidare til Sevastopol på Krim-halvøya.

Rundt 11.000 russiske militære deltek i paraden, som i pakt med tradisjonen også samlar svært mange veteranar. 9. mai er også dagen for tildeling av militære æresutmerkingar.

Den amerikanske avisa The Washington Post melder frå den ukrainske svartehavsbyen Odessa at innbyggjarane der fryktar meir uro. Minst 42 menneske vart drepne i byen sist helg då pro-russiske demonstrantar støytte saman med tilhengjarar av eit sameint Ukraina.

LES OGSÅ: Fredsjubileet ga Putin ettertanke

LES OGSÅ: Frykter tatarene blir glemt

LES OGSÅ: Separatister avviser Putins bønn

Folketomme kafear

I tumultane søkte fleire titals pro-russiske demonstrantar tilflukt i bygningen til eit fagforbund. Det oppstod ein brann i bygningen, truleg etter at det vart kasta brannbomber gjennom vindauga. Det var i denne brannen dei fleste miste livet.

Normalt er det fullt av menneske i Odessa 9. mai. Irini Kochergina, som driv kafeen City Garden, seier til Washington Post at panikk og frykt har skremt bort eventuelle turistar. Sjølv har ho bestemt seg for å halde kafeen stengt på frigjeringsdagen.

Før helga prøvde pro-russiske aktivistar å storme in politistasjon for å prøve å setje fri nokre av dei 60 som vart arresterte etter valdsbruken sist veke.

LES OGSÅ: Vil utsette folkeavstemning og åpner for politiske samtaler

LES OGSÅ: Fascist-skuldingar haglar mellom Russland og Ukraina

Truar med å skyte

Den nye politisjefen sa onsdag at slik valdsbruk ikkje vil bli tolerert igjen. Politiet vil første skyte varselskot, og så skyte alle som prøver å stormen bygningen, sa han blant anna.

Fleire universitet og mange butikkar vil halde stengt i Odessa i dag. Familiar har sendt borna sine ut av byen, og lokale styresmakter har bede folk om å halde seg borte frå menneskemengder, skriv Washington Post. Populære kafear, som normalt på denne tida av året er fulle av folk, er heilt folketomme.

SISTE NYTT

Siste nytt