Hopp til innhold

Fascist-skuldingar haglar mellom Russland og Ukraina

Russland og Ukraina skuldar kvarandre gjensidig for å vere fascistar, samstundes som det blir gjort nye forsøk på å få til ei diplomatisk løysing på det som meir og meir liknar ein borgarkrig i det austlege Ukraina.

Prorussiske separatistar i Mariupol.

Dei pro-russiske separatistane er no jaga bort frå rådhuset i hamnebyen Mariupol.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

Russisk UD gjentok i dag kravet om at styresmaktene i Ukraina straks stansar maktbruken mot eigne innbyggjarar.

Uroa i det austlege Ukraina spreier seg til stadig nye område og stadig nærmare grensa til Russland. I dag tidleg sa ukrainske styresmakter at dei har teke tilbake kontrollen over det okkuperte rådhuset i byen hamnebyen Mariupol ikkje langt frå grensa til Russland.

Eksplosjonar og skyting

Lavrov

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov skuldar vestlege land for å ignorere framveksten av fascisme i Ukraina.

Foto: POOL / Reuters

Etter at dei pro-russiske separatistane vart tvungne ut av rådhuset, svarte dei med å blokkere hovudgata i byen ved hjelp av barrikadar og brennande bildekk. Det er også meldt om eksplosjonar og skyting i byen Slavjansk i natt, men det er uklart om det er drepne eller såra.

I ettermiddag melder BBC at separatistane i Mariupol igjen har teke kontroll over rådhuset i byen.

Ukrainske styresmakter seier opprørarane har mist over 30 mann i Slavjansk den siste veka, medan ni ukrainske soldatar er drepne. Tre militærhelikopter er skotne ned av opprørarane.

Rundt 90 menneske er drepne i uroa i Ukraina dei siste vekene. Høgste dødstalet var det i hamnebyen Odessa ved Svartehavet sist laurdag, då over 40 menneske miste livet i ein påsett brann i hovudkvarteret til eit fagforbund.

LES OGSÅ: Brende: – Vi må få gjennomført presidentvalget

LES OGSÅ: Har stengt flyplassen i Donetsk

– Fascisme på frammarsj

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov meiner det som skjedde i Odessa er eit levande eksempel på fascismen sin frammarsj i Ukraina. Han kritiserer vestlege land for å ignorere framveksten av fascisme i landet, og han skuldar ukrainske styresmakter for å prøve å skjule kva som verkeleg hende i Odessa 2. mai.

Prorussisk aktivist held vakt i Slavjansk.

Ein væpna pro-russisk aktivist held vakt ved ei vegsperring i Slavjansk i det austlege Ukraina.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Det var i hovudsak personar som støttar dei pro-russiske separatistane i landet som miste livet i brannen i Odessa. Dei støytte saman med tilhengjarar av den noverande ukrainske regjeringa i sentrumsgatene, og søkte seinare tilflukt i fagforeiningshovudkvarteret.

Brannen oppstod truleg som følgje av at det vart kasta brannbomber mot bygningen.

Dei pro-russiske separatistane har planar om å gjennomføre val i delar av det austlege Ukraina 11. mai. Her skal veljarane svare på om dei støttar erklæringa om ei lausriving frå Ukraina og proklamering av ein sjølvstendig republikk.

LES OGSÅ: Gjorde ære på lojale journalister

LES OGSÅ: – Russland invaderer ikke Ukraina Russland advarer mot humanitær katastrofe i Ukraina

Nye diplomatiske forsøk

Ukraina og vestlege land kallar det planlagde valet for ein provokasjon for å øydeleggje for det ukrainske presidentvalet 25. mai.

Didier Burkhalter er president i Sveits og leiar for OSSE.

Didier Burkhalter skal møte Russlands president Vladimir Putin i Kreml onsdag.

Foto: RUBEN SPRICH / Reuters

I denne kaotiske situasjonen blir det gjort nye forsøk på å få til nye samtalar mellom partane. Leiaren for Organisasjonen for trygging og samarbeid i Europa (OSSE), den sveitsiske presidenten Didier Burkhalter, møtte i dag Russlands president Vladimir Putin i Moskva.

Putin sa på møtet at han er klar til å diskutere måtar ein kan løyse krisa i Ukraina på.

Ukrainas utanriksminister Andrij Desjtsjytsia seier at landet er villig til å delta i nye forhandlingar i Genève, men stiller som krav at Russland må støtte gjennomføringa av presidentvalet 25. mai. Han krev også at Russland stansar støtta til det han kallar ekstremistiske element i Ukraina.

LES OGSÅ: Russland advarer mot humanitær katastrofe i Ukraina

Krav og motkrav

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov sa i går at Russland kan delta i nye forhandlingar i Genève, dersom også representantar for separatistane i det austlege Ukraina blir representerte.

Lavrov har sagt at det ikkje er naturleg å halde presidentval samstundes som Ukraina har sett hæren inn mot sitt eige folk.

Storbritannias utanriksminister William Hague har i dag samtalar med den politiske leiinga i Kiev.

SISTE NYTT

Siste nytt