Hopp til innhold

Dette må skje under klimaforhandlingane

LIMA (NRK): Klimaforhandlingane i Lima går inn i si andre veke. Mange brikker må falle på plass før denne veka er omme. Det som skjer i den peruanske hovudstaden desse dagane er avgjerande for om verda skal få ein ny, global klimaavtale.

Klimaforhandlinger i Lima

Strandgåere nyter en dag på Agua Dulce-stranda i Chorrillos-distriktet i Lima.

Foto: MARIANA BAZO / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kva står eigentleg på dagsorden når forhandlarar og politikarar frå nærare 100 land er samla til FNs klimakonferanse? Kva må avklarast? Kva står på spel?

Lista er lang, men her kan du sjå kva som er dei viktigaste sakene.

Vi har bedt forskar Steffen Kallbekken ved CICERO Senter for klimaforskning kommentere dei ulike punkta. Kallbekken har følgt dei internasjonale klimaforhandlingane ei rekkje år, og er også på plass her i Lima.

Punkt 1: Ny avtale

Om eitt år skal ei ny, global klimaavtale vere klar. Den skal etter planen vedtakast under forhandlingsmøtet i Paris, og gjelde frå 2020. Det blei bestemt under klimaforhandlingane i Durban i 2011. Utkastet til avtale bør vere klart før møtet i Lima er omme.

Viktige avklaringspunkt: Korleis skal avtalen utformast? Kor omfattande og forpliktande skal han vere?

  • Kallbekkens kommentar:

– Det er eit stort spenningsmoment knytt til det juridiske, kva rettsleg form avtalen skal få. Det er faktisk uklart kva som ligg i omgrepet "juridisk bindande" i samband med ein slik avtale. Usemja er stor på dette punktet, seier Kalbakken, og legg til:

– Eg trur neppe politikarane blir samde om dette her i Lima.

– Når det gjeld tekst, har mange land sendt inn forslag, men forslaga spriker. Mellom anna går det eit tydeleg skilje på fleire viktige punkt mellom fattige og rike land. Det blir utfordrande å bli samde om formuleringar som alle land kan stille seg bak. Men dette bør vere mest mogeleg avklart i løpet av møtet her i Lima. Det som eg trur er realistisk, er at i alle fall sentrale element i teksten kjem på plass før veka er omme.

På tilsvarande møte i København, i 2009, var altfor lite avklart på førehand, og det straffa seg. Ein greidde ikkje å komme i mål med avtaleteksten i løpet av sjølve møtet. Det er uheldig dersom ein no hamnar i ein liknande situasjon.

Punkt 2: Innmelding av nasjonale mål

Steffen Kallbekken

Cicero-forsker Steffen Kallbekken følger forhandlingene i Lima.

Foto: Eivind Molde / NRK

På forhandlingsmøtet i Warszawa i fjor blei det bestemt at dei ulike landa skal melde inn sine nasjonale bidrag til klimaavtale i løpet av første kvartal 2015. I praksis tyder det at styresmaktene, før mars er omme, skal oppgi kva dei kan bidra med, først å fremst av kutt i sine eigne utslepp av klimagassar.

I Lima må det lagast reglar for korleis dette skal skje i praksis.

  • Kallbekkens kommentar:

– Dei fleste tenkjer nok på utsleppskutt i samband med dette. Men det må avklarast om også andre bidrag skal reknast med, blant anna tiltak innan klimatilpassing. Fleire utviklingsland ønskjer det.

– Det viktigaste er likevel å finne ut kva måte landa skal presentere sine nasjonale mål på. Korleis skal måla utformast? Kva slags informasjon skal følgje med? Alt dette må harmoniserast på ein eller annan måte, slik at det blir råd å samanlikne og summere, og sjå om det er nok til å nå togradersmålet (målet om at temperaturen på jorda ikkje skal stige med meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid).

– Eg trur det kjem til å bli lage eit sett med retningslinjer her i Lima, men dei kan nok bli ganske generelle og forma meir som råd enn som krav. Dette er eit vanskeleg punkt - for dette bør jo helst vere så konkret som råd, skal det fungere.

Punkt 3: Klimafinansiering

På forhandlingsmøta i København og Cancun blei det bestemt at rike land frå 2020 skal bruke 100 milliardar dollar i året til å hjelpe fattige land med å tilpasse seg klimaendringane og å kutte i sine eigne utslepp. Mesteparten av dette skal kanaliserast gjennom Det grøne klimafondet. Men det har gått tregt å få inn pengar. No er det rundt 10 milliardar dollar i fondet.

På møtet i Lima kjem det nye krav om at dei rike landa, som står for det meste av CO2-utsleppa, må stille opp for dei fattige.

  • Kallbekkens kommentar:

– Dette er ei øving i å byggje tillit, det blir forventa at rike land skal bidra. Mange fattige land ønskjer også ein opptrappingsplan, som altså går ut over dei 100 milliardar dollarane. Det kravet vil nok bli framført med fornya styrke her i Lima.

Fredag ettermiddag veit vi kva som blir utfallet av FNs klimakonferanse i Lima. Då startar den utfordrande reisa frå Lima til klimatoppmøtet i Paris i 2015.

SISTE NYTT

Siste nytt