NRK Meny
Normal

Sverige gir fem gonger meir til Klimafondet enn Noreg

Noreg gir 200 millionar kroner i året dei neste fire åra til Det grøne klimafondet, men det er langt mindre enn svenskane stiller opp med. – Altfor lite, meiner Kirkens Nødhjelp og Naturvernforbundet.

Bård Glad Pedersen

MEST PER INNBYGGJAR: – Noreg er blant dei som bidreg mest per innbyggjar, seier statssekretær Bård Glad Pedersen.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

Pengane kom på bordet under fondet sitt finansieringsmøte i Berlin torsdag. Noreg vil bruke 200 millionar kroner kvart år dei kommande åra, fram til 2018.

Frå før er det kjent at Noreg i statsbudsjettet set av 200 millionar kroner til Det grøne klimafondet i 2015. Statsminister Erna Solberg annonserte dette under det ekstraordinære klimatoppmøtet som FNs generalsekretær, Ban Ki-moon heldt i New York i september.

9,3 milliardar dollar til klimatiltak

På konferansen i Berlin fekk fondet løfte om til saman 9,3 milliardar dollar frå 21 land.

– Det er svært positivt at dette gjevarmøtet er blitt så vellukka, seier statssekretær i Utanriksdepartementet, Bård Glad Pedersen (H), til NRK.

– Pengane er eit viktig bidrag i seg sjølv, og dette er også viktig for å gjere det mogeleg å komme fram til ein internasjonal klimaavtale.

- Dette er for lite

Klimarådgjevar i Kirkens Nødhjelp, Ingrid Næss-Holm, er skuffa over det norske bidraget. Ho meiner det årlege beløpet dei neste fire åra burde vore høgare enn 200 millionar.

Det Noreg gjer no, er å gi den same låge summen år etter år. Det synest vi er skuffande.

– Korfor burde Noreg gitt meir?

Lars Haltbrekken

UFORSKAMMA RIKT: – Vi er eit uforskamma rikt land og bør bidra etter evne, seier leiar i Naturvenforbundet, Lars Haltbrekken.

Foto: Ola Helness

– Fordi desse pengane trengst - det er dei rike landa som har skapt klimaendringane, det er dei fattige som blir råka aller hardast, og då er det ein del av vårt klimaansvar å bidra med pengar i fattige land, seier Næss-Holm.

Ho meiner også at Noreg burde gjere som Sverige, og finne pengar til fondet utanfor bistandsbudsjettet.

Ein femdel av det Sverige gir

Det samla norske bidraget rundt ein femdel av det som svenskane stiller opp med til Det grøne klimafondet. I perioden 2015 til 2018 skal dei bruke fire milliardar svenske kroner på fondet.

Naturvernforbundet meiner Noreg bør bidra med vesentleg meir enn dagens 200 millionar i året.

– Vi er eit uforskamma rikt land og bør bidra etter evne. Behova er store, og klimafondet står no klart. Noreg kan her vise leiarskap, seier leiaren i forbundet, Lars Haltbrekken, til NRK.

– Klimafinansiering har vore eit sentralt tema under FNs klimaforhandlingar dei siste åra. Kor viktig er dette fondet i det internasjonale klimaarbeidet?

– Det grøne klimafondet er svært viktig for å få framgang i klimaforhandlingane. Dersom dei rike landa ikkje står fast ved løfta sine, vil det kunne føre til totalt samanbrot, seier Haltbrekken.

Ingrid Næss-Holm

SKUFFANDE: – Det Noreg gjer no, er å gi den same låge summen år etter år. Det synest vi er skuffande, seier Klimarådgjevar i Kirkens Nødhjelp, Ingrid Næss-Holm.

Foto: Presse / Kirkens Nødhjelp

Men sjølv om svenskane bruker meir pengar gjennom fondet, bidreg Noreg i svært stor grad, seier statssekretær Bård Glad Pedersen.

– Noreg bruker seks milliardar

– Vi er blant dei som bidreg mest per innbyggjar, seier han, og held fram:

Dette er berre eitt av fleire tiltak som vi stiller opp med på klimaområdet. Bidraget til fondet kjem i tillegg til det vi gjer frå før, blant anna for å verne regnskogen. Til saman bidreg vi med nesten seks milliardar kroner årleg til ulike klimatiltak internasjonalt, seier Glad Pedersen.

Arbeidet med å etablere Det grøne klimafondet blei fullført under klimaforhandlingane i Durban i desember 2011. Fondet har base i Sør-Korea, og blir leia av Hela Cheikhrouhou. Henrik Harboe frå Utanriksdepartementet sit i styret..

Målet med fondet er å kunne bruke 100 milliardar dollar i året frå 2020 til å hjelpe fattige land med å tilpasse seg klimaendringane og å kutte i sine eigne utslepp.

Mobilisering

Fram til nyleg var det smått med pengar i kassen. Pengane sit ikkje så laust i tider med finanskrise og andre nasjonale utfordringar. Mobiliseringa starta for alvor under eit møte i Oslo i sommar. Og i det siste har fleire land annonsert økonomiske bidrag. Blant dei er USA, Canada, Sverige, Noreg, Australia, Frankrike, Tyskland, Japan, Mexico og Sør-Korea.

For få dagar sidan gjekk Peru og Frankrike, vertskapet for dei to neste klimaforhandlingane i FN-regi, ut med ein appell om bidrag.

Før finansieringsmøtet starta onsdag, hadde 13 land lova til saman 7,5 milliardar dollar til fondet. No er altså 9,3 milliardar på plass, pengar som kjem frå 21 land. Men det er ein lang veg fram til målet. Så arbeidet med å få inn pengar held fram med full styrke.

Målet er minst ti milliardar dollar innan neste klimatoppmøte - denne gong i Lima - som startar i desember.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 03030 eller 03030@nrk.no