Hopp til innhold

30 tiltalepunkt mot Boston-bombar

Dsjokhar Tsarnajev (19) er tiltalt for å ha teke livet av fire menneske og bruk av eit masseøydeleggingsvåpen under Boston Marathon 15. april i år.

Kaotiske tilstander i Boston etter bombeeksplosjon

Fire menneske vart drepne i angrepet mot Boston Maraton 15. april i år.

Foto: Stuart Cahill / Ap

Dette opplyser den føderale påtalemakta i USA i dag. Den tjetsjenskfødde mannen må svare for rundt 30 tiltalepunkt når saka kjem opp for retten.

Dzjokhar Tsarnajev

Dsjokhar Tsarnajev er tiltalt for blant anna å ha brukt masseøydeleggingsvåpen under Boston Maraton.

Foto: HANDOUT / Reuters

Han gjennomførde angrepet saman med broren sin, Tamerlan, som vart drepen under ei politijakt nokre dagar etter i ei skotveksling med politiet.

Risikerer dødsstraff

Tsarnajev har vore på eit fengselssjukehuset utanfor Boston sidan han vart arrestert 19. april.

Han risikerer dødsstraff eller fengsel på livstid for 17 av dei 30 tiltalepunkta. Staten Massachussetts praktiserer ikkje dødsstraff, men sidan dette er ei føderal straffesak risikerer han likevel å bli dømd til døden.

Det er ikkje avgjort når saka mot han startar.

Se video frå tiltaleopplesinga:

I dag ble det tatt ut tiltale mot Dsjokhar Tsarnajev etter bombeangrept i Boston 15. april

I dag ble det tatt ut tiltale mot Dsjokhar Tsarnajev etter bombeangrept i Boston 15. april.

Åtteåring drepen

Dsjokhar og den eldre broren Tamerlan Tsarnajev skal ha plassert ut to bomber i målområdet under Boston Marathon. Tre personar, blant dei ein åtte år gammal gut, vart drepne då bombene gjekk av.

Fire dagar seinare vart ein politimann skoten og drepen då dei to brørne var på flukt frå politiet. Dsjokhar Tsarnajev er tiltalt også for dette drapet, slik at han er tiltalt for i alt fire drap.

Se meir frå tiltaleopplesinga:

Carmen Milagros Ortiz fortelte på en pressekonferanse om tiltalen og hvilke handleinger Dzhokhar Tsarnaev er msitenkt for.

Carmen Ortiz forteller om Boston-bombingen

LES OGSÅ: Boston-angrep skal ha vært hevn

LES OGSÅ: «Begrav terroristen på amerikansk jord, og vi skal grave ham opp»

LES OGSÅ: – Planla bombeangrep 4. juli

LES OGSÅ: Tre studenter er arrestert etter Boston-angrepene

LES OGSÅ: Både CIA og FBI ble varslet om Boston-mistenkt

SISTE NYTT

Siste nytt