Hopp til innhold

Skal smake seg til betre eldremat

Fleire sjukeheimar i Agder-fylka fekk kritikk frå fleire pasient- og brukarombud, blant anna for dårleg mat. No har Kristiansand kommune hanka inn eit testpanel.

Sykehusmat
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I framtida vil forhåpentlegvis maten på eldreheimane i Kristiansand ha betre standard.

Fleire pasient- og brukarombud var på besøk hos 37 sjukeheimar i Agder-fylka, og meinte både at maten var dårleg, og bemanninga for lav.

No skal eit testpanel smake seg fram til den beste maten for bebuarane på aldersheimar i Kristiansand.

Gorderlaze

Klinisk ernæringsfysiolog Thomas Gordeladze i Kristiansand kommune.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Testpanelet skal kvalitetssikre at maten smakar godt og er næringsrik, seier verksemdleiar Anne Sofie Hellebø.

– Det gjer vi på bakgrunn av dei tilbakemeldingane vi har fått som kom fram blant anna frå pasient- og brukarombudet, der det var fleire som uttrykte at dei var misfornøgde med maten.

Uventa kritikk

Hellebø seier kritikken var uventa.

– Vi er litt overraska over det og skal ta det på alvor, og difor vil vi setje saman eit testpanel for å teste ut kva eit breitt samansett panel synest.

Smakspanelet skal setjast saman av fagfolk, brukarar, pårørande, tilsetje, politikarar og andre. Dei skal evaluere maten på fire forskjellige samlingar.

Maten er både vakumpakka ferdigmat og fersk mat, ifølgje Hellebø.

– I den samansetninga der så er det først og fremst smak og tilberedning. Men så har vi fagfolk som jobbar grundig med ernæringsmessig innhald i den maten vi serverar, for det er klart at vi har eit veldig fokus på at maten skal vere riktig samansett også.

Sjølv om testpanelet skal leggje vekt på smak i si evaluering, skal dei også evaluere heile spisesituasjonen for eldre på aldersheimar.

– Maten har med omgivelsane, miljøet, korleis ein dekkjer på bordet, ro rundt måltidet og næringsmessig innhald sjølvsagt. Alt dette tel med når vi no skal gjere ei evaluering.

– Maten er god nok

Kristiansand kommune er åleine i Noreg om å ha ein eigen klinisk ernæringsfysiolog.

Thomas Gordeladze seier testar viser at den vakumpakka maten er god nok.

– Vi har testa maten for næringsinnhald, før og etter denne pasteurisering som gjerast der oppe. Då har vi sett at det knapt er noko tap av næringsstoff, det er under ti prosent tap.

Han fortel at den maten ein lagar heime faktisk har eit større tap av næring enn den som serverast frå kjøkkenservice.

– Så maten er meir enn god nok.

Mange underernærte

Ifølgje Gordeladze viser undersøkingar at 40 til 50 prosent av eldre er underernærte. Det er alvorleg.

– Det går sjølvsagt ut over livskvalitet. Det går også utover den tida som personalet må bruke på dei som er underernærte.

Han seier det er mykje pengar å spare på å ha fokus på ernæring.

– Det er ganske mange millioner kroner som kan sparast viss ein har ein ordentleg ernæringsmessig status.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %