Hopp til innhold

Dette er framtidas gourmetmat for eldre

Det er ingen grunn til å berre ete graut sjølv om tennene vert byta ut med gebiss. Forskarar serverer no laks, gulrøter og erter i muffinsformer, og ser ein enorm marknad for spesielt tilpassa mat for eldre i framtida.

Eldre som har problemer med tygging og svelg ender ofte med ubestemmelige og grøtlignende middager. Men det er ingen grunn til at de eldre ikke skal få gourmetmat de kan spise tror forskere. De mener det er et enormt marked som nå åpner seg.

VIDEO: Sånn kan også ein middag med gulrøter, erter, poteter og laks sjå ut.

Helge Bergslien

FORSKAR PÅ MAT: Helge Bergslien ved Måltidets hus.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Når me blir eldre får mange av oss utfordringar med å tygga og svelga ned maten, seier Helge Bergslien ved Måltidets hus i Stavanger.

Han og dei andre forskarane der trur det er ein enorm marknad som opnar seg i takt med at det stadig blir fleire eldre i Noreg.

Farge, form og størrelse

Å utvikla måltidsløysingar for eldre i og utanfor institusjonar er eit delprosjekt av eit stort forskingsprosjekt om mat. Det er eit samarbeid mellom mange aktørar, blant andre Måltidets hus, Nofima, Time kommune og Sandnes kommune.

I staden for ein gråleg mos av heile middagen, slik mange med nedsett tygge- og svelgefunksjon får i dag, vil dei utvikla fargerike, smakfulle og næringsrike måltid. Det vil også vekka appetitten til dei eldre, trur forskarane.

– Eldre kan eta alt, men porsjonane kan tilpassast både i form, farge, smak og størrelse slik at det stimulerer appetitten, seier Bergslien.

Framtidas eldremat?
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Prøveprosjekt i Sandnes

I Sandnes kommune held dei på med eit prøveprosjekt retta mot demente og eldre som av ulike årsaker slit med å tygga og svelga mat.

Roar Løining og Anita Sørensen

– DETTE ER FRAMTIDA: Det seier Roar Løining ved Sandnes matsenter. Her med kokk Anita Sørensen som lagar maten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Når me vanlegvis lagar mat som er konsistenstilpassa, så lagar me berre ein farse, varmar det opp og serverer det på ein tallerken, omtrent som babymat, seier Roar Løining ved Sandnes Matservice, som lagar og leverer mat til institusjonar i kommunen.

– Men dette ser mykje betre ut, fordi me har fokus på det visuelle. Dette er framtida, det er heilt sikkert, held han fram.

Etter kvart er planen at maten også skal etterlikna forma til «originalen» så mykje som mogleg.

Brukarane er ikkje overbevist

Men brukarane på Sandnes dagsenter er ikkje like overbeviste om at dette er ei endring til det positive.

– Eg likar vanleg, god mat. Eg et ikkje noko anna no enn for 20 år sidan, og tykkjer maten me får er grei. Honning på brødskiva, då er eg nøgd, seier Solveig Brunes (84).

– Lukt, mat og farge på maten er viktig. For meg går det i det same no som for 10–20 år sidan. Eg har ikkje problem med tygging og svelging, og syns me skal ha maten som me har hatt før, Elfrid Bjerga.

Framtidas eldremat?

FREISTANDE? Gulrot i muffinsform. Smak og farge er den same som ei vanleg gulrot, men form og konsistens er ikkje heilt som du er vand med.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK