Hopp til innhold

– Vi er i ferd med å bli eit inaktivt pille­samfunn

Høgre-politikar åtvarar mot nordmenns bruk av slankemedisinar.

Tre høydebilder satt sammen til ett breddebilde. Erlend Svardal Bøe fra partiet Høyre står i ei trapp på Stortinget med hendene hevet opp ved hodet sitt. Han har på seg treningstøy og smiler til kamera.

MINDRE VALGFLESK: Erlend Svardal Bøe i Høyre mener det må satses mer på trening og sunnere mat for å få ned vekta til nordmenn.

Foto: Hans Erik Lindbom / NRK

MINDRE VALGFLESK: Erlend Svardal Bøe i Høyre mener det må satses mer på trening og sunnere mat for å få ned vekta til nordmenn.

Foto: Hans Erik Lindbom / NRK

Sveitten piplar så vidt fram på panna til Erlend Svardal Bøe.

Han er helsepolitikar for Høgre, og har sprunge litt i trappene på Stortinget. Så har han funne seg til rette i treningsrommet på same stad.

Forslaget om at vi skulle møte han her, kom frå kommunikasjonsrådgivaren hans.

Erlend Svardal Bøe fra partiet Høyre holder en tommel opp mens han løper på ei tredemølle i treningsrommet til Stortinget. Han har på seg briller og svarte treningsklær.

Ein må ha god koordinasjon for å springe, gi ein tommel opp og tenke på helsepolitikk.

Foto: Hans Erik Lindbom / NRK

Eg har sett menneske som i utgangspunktet kunne gjort noko med overvekta og livsstilen med meir fysisk aktivitet og betre kosthald. Men dei vel heller å oppsøke legen og få ein slankemedisin. Det er det eg er bekymra for, seier Bøe.

Slankemedisinane han snakkar om har tatt heilt av.

Over 108.000 nordmenn fekk ein resept på slankesprøytar i den første halvdelen av 2023, ifølge P4.

Det siste året har styresmaktene blitt meir og meir uroa fordi mange har fått diabetesmedisinen Ozempic av legen sin for å gå ned i vekt. I vinter bad Direktoratet for medisinske produkt (DMP) legane om å slutte og skrive den ut til pasientar med fedme.

Les også Myndighetene foreslår å gi Ozempic kun til diabetespasienter

Anine Olsen

Slankesignal

Bøe meiner at dei som treng medisinar mot fedme skal få det, men at det må vere med tydelege reguleringar.

Men han er uroa over signala bruken av medisinane sender til folk flest.

– Vi er i ferd med å bli eit inaktivt pillesamfunn der trening og sunt kosthald blir nedprioritert til fordel for mellom anna slankemedisinar.

Erlend Svardal Bøe fra partiet Høyre løfter to vekter mens han smiler til kamera. Han har briller og svarte treningsklær på i treningsrommet på Stortinget.

Det kan vere tunge løft både i politikken og i treningsrommet.

Foto: Hans Erik Lindbom / NRK

Poenget er at vi ikkje må få ei haldning i samfunnet at dette er noko som alle kan ta i bruk for å løyse utfordringa med fedme og overvekt.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) svarar sånn på utspelet frå Bøe og Høgre.

Eg trur vi som politikarar skal vere varsame med å drive den typen moralisering, men heller legge til rette gjennom gode strukturelle grep. Det må vere lett for folk å vere fysisk aktive, og vi må sørge for at det finst mange alternativ til piller.

Statssekretær Karl Kristian Bekeng

Karl Kristian Bekeng har ein master i rettsvitskap og ein master i latin frå Universitetet i Oslo.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Bekeng seier også at regjeringa er opptatt av å ta vare på ei utsett gruppe.

Det er viktig å sørge for at bruken av slankemedisinar ikkje går utover dei som har behov for diabetesmedisinar.

Førebygging

Bøe frå Høgre meiner ei løysing er å forbetre det som blir kalla «grøn resept». Det er ei ordring som blei innført i 2003. Målet er at både pasientar og legar skal bli meir klar over kva for endringar som kan gjerast i livsstilen til folk utan bruk av medisinar.

For eksempel kan legane vise folk til frisklivssentralar i kommunane, i tillegg til, eller i staden for, anna behandling. Der kan pasientar få hjelp frå tilsette med ulik bakgrunn, som fysioterapi, ernæring og psykologi.

– Her må fastlegane få fleire tilvisingshøve til andre helsepersonellgrupper, fleire kommunar må etablere frisklivssentralar og vi må spele meir på kompetansen til blant anna treningssenterbransjen, seier Bøe.

I tillegg ønsker han tydelegare retningslinjer for bruk av slankemedisin.

– Inaktivitet, fedme og overvekt er folkehelseutfordringar vi må gjere meir for å løyse, og regjeringa gir få signal om korleis dei konkret vil følge det opp.

Erlend Svardal Bøe fra partiet Høyre trikser med et fotball på treningsrommet til Stortinget.

Erlend Svardal Bøe er ikkje ukjent med litt triksing med ball. Han forstua foten under ein kamp på sommarleiren til Unge Høgre i 2017.

Foto: Hans Erik Lindbom / NRK

Bekeng i Arbeidarpartiet seier dei har bede Helsedirektoratet sjå på grøn resept. Men det er også andre ting han vil prioritere.

Det handlar om å styrke helsekompetansen hos folk, sånn at dei veit kva dei kan gjere for å få ei betre helse. Vi har gitt Helsedirektoratet i oppdrag å evaluere frisklivs-, lærings – og meistringstilbod. Det handlar også om korleis helsetenestene kan bli meir førebyggande.

Les også Operasjonane kirurgen gjer blir farlegare fordi stadig fleire har fedme

Overlege og kirurg Tonje Okkenhaug Johansen står i en operasjonssal ved St. Olavs hospital i Trondheim. Hun har på seg grønne kirurgklær og ei grønn lue. Foran henne er det et operasjonsbord.

Hei!

Så fint du har lest helt hit! Jeg skriver om helse, livsstil og vitenskap. Har du tips rundt det, eller andre ting jeg burde sjekke ut? Send meg en epost!

NRK anbefaler