Endre Kupen

HELTESTATUS: Endre Kupen har sett inn 41 mål for A-laget til Florø etter at han kom til byen i 2015.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han er ukrona konge av Florø by

FLORØ (NRK): Endre Kupen (27) har bytt ut kjeledressen til Marine Harvest med Florø-drakt. Det har gjort han til ein ettertrakta mann i heile fotball-Norge og med kongestatus i Florø.

For to år sidan var Kupen driftsteknikar på oppdrettsanlegget til Marine Harvest på Verpeide i Vågsøy. Som spiss på Tornado Måløy gjorde han livet surt for forsvarsspelarar i 4. divisjon i Sogn og Fjordane.

No gjer han det same i 1. divisjon. Ni mål har han sett inn på 11 kampar, berre ni av dei har han spelt frå start. Held han fram slik, er det ikkje sikkert kaupingen Kristian Fardal Opseth på Bodø/Glimt kan kalle seg toppscorar i divisjonen så veldig mykje lenger.

– Feiltolka

Og nettopp Bodø/Glimt har vist interesse for Kupen. Denne veka vart det klart at han seier nei til tilbodet. Men han er ikkje heilt nøgd med måten det er framstilt på i media.

– Det vart litt feiltolka. Det såg litt eplekjekt ut det som stod i avisa, og det er ikkje heilt meg. Bodø/Glimt er ein stor klubb, det er ikkje det. Men akkurat no er eg i Florø, og eg trivst veldig godt her. Mest sannsynleg blir eg Florø-spelar ut sesongen.

Torsdag vart det kjent at han har signert ein kontrakt med Florø til 2021. Men denne kontrakten er ikkje noko hinder dersom Kupen og Florø Fotball skulle få eit tilbod som begge partar kan tenke seg å seie ja til.

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad

MYKJE FEIRING: Endre Kupen var skadd i starten av sesongen, men har etter kvart fått mange mål å juble for.

Foto: Truls Kleiven

Opprykkskampen høgdepunktet til no

Endre Kupen kjem frå Venøy, ei lita øy med bru til fastlandet i Selje kommune. Der hadde han ein god og aktiv oppvekst med leik og moro i fjæra, og med daglege fotballøkter på ei bane dei laga til på ei myr.

Fotball i organiserte former vart det først i Flatraket IL, deretter i Selje, før turen gjekk til Tornado Måløy, og i 2015 til Florø. Der vart det seks mål på sju kampar i 2. divisjon det året. I fjor vart det 26 mål på 26 kampar.

Og på spørsmål om kva som er høgdepunktet hans til no i karrieren, er ikkje Endre Kupen i tvil.

– Det var kampen heime mot Nest Sotra i fjor haust og opprykksfesten etterpå. Det var ein herleg dag med nydeleg vêr og 3000 på tribunane. Det var kjempestas.

Den kampen vann Florø 2-0 etter mål av Christer Husa og Endre Kupen. Målet hans kom heilt på slutten av kampen etter mange brende sjansar.

– Eg kunne fort ha scora fire-fem mål i den kampen, men det vart no meir spennande med at vi fekk 2-0 heilt på slutten.

– Ein krig utpå der

I opprykkssesongen vart det berre eitt tap for Florø. I år har det vore litt fleire. Til og med på heimebane har det blitt to tap, mot Bodø/Glimt og Start. Men det var før Endre Kupen for alvor kom i gang etter eit skadeavbrekk.

– Det er klart at det er eit høgare nivå i 1. divisjon. Det er ein krig utpå der, men eg har eit heilt lag med krigarar med meg, folk som syter for at eg kjem i scoringsposisjon.

Florø-Fredrikstad. Endre Kupen

HERJA MED FFK: Endre Kupen sette inn tre mål mot det tidlegare storlaget Fredrikstad.

Foto: Truls Kleiven

Men Kupen har vist at han også kan gjere mål heilt på eiga hand. Mot Fredrikstad på heimebane fekk han ballen med ryggen mot mål og med to midtstopparar og keeper mellom seg og målstreken. Likevel vart det nettsus.

– No var det vel ikkje så høg standard på stopparane, og eg hadde litt flaks. Men det var ein god kamp. Vi knuste dei 4-1, det var konge.

Bryr seg lite om ros og merksemd

Tre mål i den kampen var medverkande til at Roger Risholt, tidlegare Sogndal-spelar, og Eurosport sin ekspert på 1. divisjon, kåra Kupen til den beste spelaren i divisjonen for juni og juli, med lagkamerat Runar Hove på femteplass og Kristian Fardal Opseth (Bodø/Glimt og Kaupanger) på åttandeplass.

Men slike kåringar, eller annan ros og merksemd, bryr ikkje 27-åringen frå Venøy seg så mykje om.

– Det eg bryr meg om er at laget vinn, uansett kven som scorar. Og eg veit sjølv når eg gjer det bra, og når eg gjer det dårleg. Folk på laget veit at eg aldri er heilt nøgd. Det er alltid noko som kan gjerast betre.

– Helst eitt mål til?

– Ja, slik er no eg.

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad

GLAD GUT: Endre Kupen seier han bryr seg lite om kva andre meiner om han. Han veit sjølv om han har gjort ein god eller dårleg kamp.

Foto: Truls Kleiven

– Terje er sjefen

Sjølv med stjernestatus i Florø og på rask veg mot å bli toppscorar i 1. divisjon meiner han at han er audmjuk, og at han ikkje vil mukke dersom trenar Terje Rognsø skulle finne på å sette han på benken.

– Terje er sjefen, uansett. Han gjer alltid det som er best for laget. Både eg og resten av laget har stor respekt for han. Det er ingen som torer å gå mot han. Hamnar eg på benken er det ein grunn til det.

– Ikkje akkurat «luftens baron»

Endre Kupen ruvar ikkje i terrenget med sine 172 centimeter og 72 kilo.

– Det har ikkje noko føre seg å slå høge ballar inn i feltet til meg. Eg er ikkje akkurat nokon «luftens baron», sjølv om eg likar å kalle meg det innimellom. Eg må få ballen i føtene eller i bakrom.

Han seier han vart godt teken imot både i spelargruppa og i byen, og at familien trivst godt. Men sjølv om han no har signert ny kontrakt med Florø Fotball er han open for å flytte på seg dersom det rette tilbodet kjem.

– Det skal ikkje vere noko problem. Det einaste som held oss igjen her i Florø dersom det skulle bli aktuelt å reise er barnehageplassen. Men det er vel andre barnehagar i landet.

For ein som har vore vand med å arbeide i ein ordinær jobb på eit oppdrettsanlegg er det litt spesielt å vere fotballspelar på heiltid, vedgår Endre.

– Det kan bli litt lange dagar innimellom, men av og til har vi to treningsøkter for dagen, og litt mediekontakt blir det, så dagane går. Det er ikkje alle forunnt å få oppleve noko slikt, og eg får berre gjere det beste utav det.

Og Endre Kupen ser ikkje bort frå at han igjen kan bli driftsteknikar på oppdrettsanlegg når fotballkarrieren er over.

– Fotball skal spelast på gras

Men no er det fotball for alle pengane, og fullt fokus mot neste kamp, som er mot Kongsvinger på Florø stadion. Kongsvinger er eit lag som har slite i det siste, men måljegeren forsikrar at Florø-spelarane ikkje er kjepphøge og trur på lett siger.

– Det er ingen enkle kampar i OBOS-ligaen. Men eg håpar at vi no har laga eit fort her i Florø, og at alle lag som kjem hit skal slite for å få med seg poeng.

Florø har ei av dei aller finaste naturgrasbanene i landet, og det betyr mykje for Endre Kupen.

– Fotball skal spelast på gras, så enkelt er det. Det er iallfall mi meining. Eg liker ikkje dette kunstgraset. Ei våt grasmatte er heilt nydeleg. Det blir fantastisk, eg håpar folk tek turen til stadion søndag og heiar på oss.