Hopp til innhold

Rognsø ny dagleg leiar i Sogndal Fotball

– Vi skal ikkje vere eit heislag. Vi skal bli eit etablert eliteserielag. Det er den klare målsetjinga til den nye daglege leiaren i Sogndal Fotball, Terje Rognsø.

Terje Rognsø ny dagleg leiar

SJEFEN: Terje Rognsø (i midten) vart presentert som ny dagleg leiar i Sogndal Fotball på ein pressekonferanse i dag. Til venstre styreleiar Tor Arne Ness. Til høgre sit Yngve Hallèn, som tidlegare har hatt same stillinga.

Foto: Arve Uglum / NRK

Rognsø gav seg som trenar for A-laget til Florø etter at laget hans spelte siste kamp på søndag. Som øvste sjef for Sogndal startar han 1. januar 2019.

– Dette er ein jobb eg har ekstremt lyst på og som eg er svært glad for at eg har fått. Saman med folka her og anlegget har Sogndal enorme mogelegheiter til å skape utvikling. Her har vi mogelegheiter som eg ikkje ser i Florø, i alle fall ikkje på kort sikt, seier den tidlegare Florø-trenaren til NRK rett etter pressekonferansen der han vart presentert.

Vart klappa av banen

Terje Rognsø tok over som trenar for A-laget til Florø i 2010. Men alt i 2007 starta han opp «fotballakademiet» som eit tilbod til spelarar i dei to klubbane Tempo og Florø SK. Dette var starten på eit aldri så lite fotballeventyr. Satsinga skaut fart og det tok ikkje lang tid før ein gyllen årgang starta å markere seg på både krins- og aldersbestemte landslag.

– Å bli klappa av banen når ein har rykka ned er vel ikkje så veldig vanleg for ein trenar, så eg får klump i halsen av det. Det er rørande og trist å avslutte etter å ha vore så lenge saman, sa Rognsø etter nedrykket til 2. divisjon sist søndag.

Vil ikkje vere trenar

Han avviser at han gav seg som trenar for å flytte til Sogndal. Og sjølv om Florø hadde berga plassen i 1. divisjon ville han gjort det same.

– Eg ønskjer ikkje å vere fotballtrenar lenger, og det har eg vore klar på ganske lenge overfor klubben, seier den profilerte fotballmannen.

Brei erfaring

Rognsø, har i tillegg til lang fotballerfaring, ei karriere som gründer og bedriftsleiar.

– Sogndal si historie saman med dei tøffe målsetjingane klubben har for framtida trigga meg, seier den nye daglege leiaren i ei pressemelding.

– Fokuset vårt har vore å få inn ein dagleg leiar som kan vidareutvikle kjerneproduktet vårt og dei visjonane og målsetjingane klubben har. I Terje har vi funne det, seier styreleiar Tor Arne Ness i den same meldinga.

Geir Rindheim hilsen til Terje Rognsø ny jobb

LYKKØNSKINGAR: Mangeårig assistenttrenar for Rognsø, Geir Rindheim, var ein av mange som gratulerte florøværingen med ny jobb.

Foto: Skjermdump / Facebook