Går av som dagleg leiar i Sogndal Fotball Terje Rognsø trekker seg som dagleg leiar i Sogndal Fotball, fire månadar etter at han starta i jobben. Han ville gå meir drastisk til verks i omorganiseringa enn det styret var komfortable med. Av Thomas Brakstad, Sondre Dalaker og Ola Weel Skram
2019 blir året han får draumen oppfylt Fire dagar før jul signerte Florø-stopparen, Runar Hove, ei treårskontrakt med Viking. Dermed tek 23-åringen eit steg opp på karrierestigen og vert profesjonell fotballspelar. Av Tone Merete Lillesvangstu og Per Kristian Grimeland
Rognsø ny dagleg leiar i Sogndal Fotball – Vi skal ikkje vere eit heislag. Vi skal bli eit etablert eliteserielag. Det er den klare målsetjinga til den nye daglege leiaren i Sogndal Fotball, Terje Rognsø. Av Roy Raasholm Fauske, Arve Uglum og Ole-Kristian Førde
Florø må takke for seg - rykker ned Florø kom inn som eit friskt pust i førstedivisjon, men så tok fotballeventyret slutt. Av Solveig Svarstad
Viking sin skrekkstatistikk held fram – tapte viktige poeng i opprykkskampen Florø tok tre viktige poeng i kampen mot nedrykk, medan Viking tapte terreng i kampen for å kome seg opp att i eliteserien. – Det var eit fortent resultat, seier Viking-trenaren. Av Thomas Brakstad
Nervepirrande sesonginnspurt for Rognsøs tapre menn Kveldens regntunge oppgjer gir håp i botnen av 1. divisjon. – Marginane vil avgjere, og vi må jobbe så hardt som mogleg for å få dei på rett side, seier Florø-trenar Terje Rognsø. Av Oddleif Løset
Høgskulen skal utvikla dei beste fotballtalenta SOGNDAL (NRK): Dei beste fotballspelarane mellom 13 og 16 år i fylket skal satsast endå meir på av krins og klubb. No skal også Høgskulen vera med, og skal bidra med forsking og teknologi i jakta på den neste toppspelaren. Av Sondre Dalaker
To klubbar på kanten Når Sogndal for første gong sidan Eid hausten 1976 tek i mot ein klubb frå eige fylke til seriekamp på Fosshaugane på søndag, markerer det eit sportsleg høgdepunkt i fotballhistoria til Sogn og Fjordane. Samtidig er Sogndal og Florø to klubbar som har teke til å vandre farleg nær kvart sitt stup. Av Arve Uglum
– Sogndal og Florø er likare enn me har lyst å vera By mot bygd. Kyst mot ski. Sild mot saft. Når Sogndal møter Florø til fotballkamp, er det meir enn tre poeng det står om. Men det store nabooppgjeret har det endå til gode å bli. Av Sondre Dalaker og Fredrik Johan Helland