Hopp til innhold

2019 blir året han får draumen oppfylt

Fire dagar før jul signerte Florø-stopparen, Runar Hove, ei treårskontrakt med Viking. Dermed tek 23-åringen eit steg opp på karrierestigen og vert profesjonell fotballspelar.

Runar Hove

FOTBALL: Runar Hove frå Florø har signert med eliteserieklubben Viking.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er fantastisk. Det er ein draum som går i oppfylling. Dette var nok den beste julegåva i år, seier Hove.

Hove har spelt fast på A-laget til Florø dei siste seks sesongane. Dei to siste i 1. divisjon før nedrykket var eit faktum. Viking, klubben han no har signert for, er ein av dei største klubbane i landet.

– Dei har også vore i 1. divisjon i år, og skal byggast litt på nytt no. På den siste kampen hadde dei 15.000 på tribunen, så det er bra trykk i Stavanger no, så eg håpar på ein opptur med Viking, seier Hove.

– Eit eventyr

Hove kjem frå Florø, eit lag der spelarane har spelt med kvarandre heilt frå dei var smågutar, til dei klarte å ta steget heilt opp i 1. divisjon.

– Det har vore ei eventyrleg oppleving. Vi har reist på turneringar saman frå vi var 14 til vi var 18, og seinare byrja vi saman med seniorfotball. Vi har på ein måte gått frå suksess til suksess, så det vert litt vemodig å gi seg for Florø.

Hove er del av den såkalla «berykta/berømte» 1995-årgangen til Florø.

– Det var ein god generasjon, sjølv om det no er ein del som har gitt seg, ler Hove. Men stammen har liksom alltid vore der.

Runar Hove

EI JULEGÅVE: Runar Hove frå Florø fekk julegåva på forskot.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mange spekulasjonar

I førre veke kom altså beskjeden om at florøværingen vert å sjå i blå drakt for Viking. Men i november vart det spekulert i om Florø-midtstopparen Runar Hove skulle til Haugesund.

– Eg var invitert ned på prøvespel, og følte eg gjorde det bra, seier Hove.

Det tykte også Haugesund som la inn eit bod på Hove, men som Florø ikkje aksepterte.

– Det går heilt fint no, sidan den nye arbeidsgivaren min er Viking, seier Hove.

Har stor tru på Hove

I Viking er hovudtrenar Bjarne Berntsen er sjølvsagt nøgd med signeringa. Då det tidlegare i desember var klart at florøguten vert den nye midtstopparen til eliteserieklubben, sa Berntsen til nettavisa til klubben at han hadde tru på at Hove kom til å utvikle seg no som han kan konsentrere seg om å «berre» spele fotball.

Bjarne Berntsen

SPANANDE: Bjarne Berntsen er hovudtrenar i Viking

Foto: NRK

– Vi tykkjer det er spanande å prøve å finne spelarar som ikkje har spelt på dette nivået før, som vi trur har potensialet som skal til for å kunne markere seg i Eliteserien – og utan tvil konkurrere om ein plass på vårt A-lag, seier Berntsen.

Runar Hove er ein stoppartype som er ikkje er redd for å røre seg framover på banen. 26 mål på dei fem siste sesongane seier noko om at han også leverer i motstandarens boks.

– Eg trur han har store utviklingsmoglegheiter når han no får kome til eit profesjonelt og godt treningsmiljø som i Viking, seier Berntsen.