Hopp til innhold

Bodø/Glimt vil ha Kupen

Serieleiaren i førstedivisjon, Bodø/Glimt, har vore i kontakt med Florø-spelaren Endre Kupen. Det stadfestar Kupen overfor Firdaposten, men seier det klubben ikkje er aktuell for han. Til avisa seier han at skal han gå til ein ny klubb må det vere ein storklubb, ikkje ein som rykker opp ein eine året for å kanskje rykke rett ned det neste. Trenar Terje Rognsø stadfestar at mange klubbar er interesserte i spissen, men seier Kupen skal spele haustsesongen i Florø. Kupen har scora ni mål på sine ti kampar i årets sesong.

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad
Foto: Truls Kleiven