Hopp til innhold

Kommunar rundt regionsenter kan bli straffa om dei står åleine

Kommunar som ligg i naturleg nærleik til eit regionsenter vil bli straffa om dei ikkje går for samanslåing. Meir isolerte kommunar som Solund, Selje og Bremanger vil ikkje lide så store tap.

fylket

Det er konsekvensen av trepartiforliket som i førre veke fastsette framtidas inntektssystem for kommunane.

Kåre Træen

SER KLARE SKILNADER: Kåre Træen hos Fylkesmannen seier det nye inntektssystemet vil slå ulikt ut for kommunar som vel å bli ståande åleine.

Foto: NRK

– Det er spesielt kommunar som ligg rundt regionsentera. Naustdal, Gaular, Jølster, Hornindal, Leikanger for å nemne nokre. Dei får reduserte inntekter i det nye inntektssystemet. Dette gjeld også Førde, om dei vel å stå åleine, seier Kåre Træen.

Han er prosjektleiar for kommunereformarbeidet hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og er klar på at for nokre vil åleinegang vere dårleg butikk. For andre kan det betyr nærast status quo på inntektssida. I alle fall i overskodeleg framtid.

Små, grisgrendte vinnarar

Nøyaktig korleis tala vil slå ut, blir først klart når departementet sine talknusarar har finrekna seg fram til nye tabellar for inntektssystemet. Men tolkinga av forliket er ikkje til å misforstå, skal ein tru Træen.

Vinnarane blant dei som måtte ende opp åleine som i dag, er dei som kan kalle seg ufrivillig små, og som ligg geografisk såpass isolert at dei ikkje blir rekna som ein naturleg del av ein større bu- og arbeidsregion.

– Bremanger er nok ein kommune som er ufrivillig liten. Nokre konsekvensar vil det bli, men dette er ikkje den kommunen som vil tape mest over inntektssystemet. Lærdal er litt i same kategori. Dei er ein kommune som er ufrivillig liten, og det nye inntektssystemet vil ikkje føre til store reduksjonar, forklarer Træen.

Mange i uvissa

I Sogn og Fjordane står Bremanger, Årdal, Lærdal og Luster heilt utan intensjonsavtalar med naboar. I Selje sa eit fleirtal av veljarane måndag denne veka nei til storkommune i ei folkerøysting. Tidlegare har Flora gjort det same.

I indre Sunnfjord går det mot samanslåing, mens det meste er usikkert for dei såkalla HAFS-kommunane sin del. Og i først i slutten av mai blir det klart kva innbyggjarane i Eid, Gloppen og seks sognekommunar ønskjer.

– Gjer ein forskjell på dei som faktisk har freista å slå seg saman, og dei som berre har sett seg på gjerdet?

– Det ligg ikkje nokon føringar på det no, så får vi sjå dei vidare nasjonale prosessane. Inntektssystemet skal fungere slik kommunekartet vil bli frå 2020.

– Vil det seie at kommunar som Solund og Bremanger kan seie nei og toe sine hender når det gjeld økonomien?

– Det kan komme endringar, men ikkje vesentlege endringar slik forslaga for desse kommunane ligg no.