Hopp til innhold

Tommelen ned for Stad kommune

SELJE (NRK): Ordføraren stemde ja, men fleirtalet blant folket i Selje seier nei til ein storkommune saman med Vågsøy og Vanylven.

Oppteljing, folkerøysting i Selje om storkommune

NEI I FLEIRTAL: Teljekorpset i aksjon på rådhuset i Selje måndag kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kommunesamanslåingsarbeidet i Selje bør no leggast på is. Det meiner gruppeleiar for Senterpartiet i Selje, Gunn Sande.

– Dette er ikkje noko utydleg svar. 56 prosent av dei som stemte har sagt nei, seier Sande.

– Dette må vi berre ta til etterretning. Vi må få lov til å analysere det litt. Frammøteprosenten er låg, viser at krinsane sprikar veldig på kva dei vil, konstaterer ein skuffa ordførar Stein Robert Osdal (KrF) i Selje.

Etter at stemmesetlane etter folkerøystinga måndag er talde opp, er det klart at berre 37 prosent seier ja til ein storkommune. 56,8 prosent seier klart nei til Selje sin intensjonsavtale om ein ny Stad kommune saman med naboane Vågsøy og Vanylven. I tillegg stemde 6,2 prosent blankt.

Laster innhold, vennligst vent..

Skuffa over valdeltakinga

Ordføraren som sjølv har fronta eit ja, vil likevel ikkje kalle oppteljinga måndag kveld for eit politisk nederlag.

Stein Robert Osdal

SKUFFA: Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) erkjenner at mykje er uavklart etter folkerøystinga måndag. Det som ser ut til å vere klart, er at det ikkje blir noko Stad kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Neeii ..., ikkje politisk nederlag. Eg har jobba for ei sak og eit syn og eg ser at folkemeininga er noko anna. Men det er klart at frammøteprosenten er veldig låg, skuffande låg. Vi må rett og slett analysere om vi kan bruke denne folkerøystinga til noko.

Frammøteprosenten enda på 42,5 prosent. Det gjer altså at Osdal er i tvil om kor mykje den kan vektleggjast.

– Det må vi forankre politisk. Eg kan ikkje her og no seie kva som blir prosessen vidare.

Sjølv om Sande er skuffa over valoppslutnaden på 42 prosent vil ho ta rådet frå dei som stemte på alvor.

Gunn Sande

HAR FÅTT SVAR: Gunn Sande er gruppleiar for Senterpartiet i Selje.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det var eit val som kvar einskild tok, om dei gjekk og stemte eller ikkje. Eg er lei meg for at ikkje fleire syntest det var viktig å stemme, men eg respekterer fullt ut dei som gjekk og stemte, seier Sande.

Over halvparten av dei som stemte seier NEI til samanslåing med Vanylven og Vågsøy.

Eit alternativ er å køyre ei ny opinionsundersøking.

Ja i Vågsøy – nei i Vanylven

Samstundes som ordføraren er i tvil om korleis han skal bruke valresultatet, er det klart at folkerøystinga i Vågsøy enda med eit ja til storkommune (56 prosent). Men om valdeltakinga var dårleg i Selje, var den elendig i Vågsøy. Berre 25,4 prosent av dei over 4000 røysteføre fann interesse av å seie si meining.

I Vanylven har innbyggjarane gitt ordføraren eit klart mandat til å vende seg nordover. 72,5 prosent vil ha ein ny Runde kommune saman med sunnmørskommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid, mens berre 13 prosent ønskjer seg sørover mot Stad.

– Som politikar er det veldig greitt å få eit så klart tydeleg råd frå folket. Det er eg svært nøgd med, seier ordførar Lena Landsverk Sande.

Det var 63 prosent valdeltaking i Vanylven. Det er like mykje som i eit lokalval.

Oppteljing, folkerøysting i Selje om fylke

MÅTTE VELJE FYLKE: Folkerøystinga i Selje bad også innbyggjarane om å ta stilling til kva fylke ein ønskjer å vere ein del av i framtida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil vere i Sogn og Fjordane

Mens folk Vågsøy berre skulle ta stilling til spørsmålet om storkommune, kunne innbyggjarane i Selje også seie si meining om kva fylke ein bør høyre til, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal.

Her gav dei frammøtte i Selje sine folkevalde eit klart mandat til å halde fram i Sogn og Fjordane. Heile 71 prosent vil halde fram i fjordfylket.

– Det fortel at tilhøyret til Nordfjord er sterkt i Selje. Sterkare enn eg hadde trudd, vedgår Stein Robert Osdal.

Ordføraren og mange med han ser det no som eit naturleg alternativ å sjå i retning Eid i den vidare prosessen, men så langt har ikkje Eid og dei andre Nordfjord-kommunane hatt Selje med i sine framtidsplanar.

– Her må vi nok forankre den vidare prosessen i det politiske miljøet, men vi må uansett jobbe vidare framover og ta ei endeleg avgjerd den 23. juni.

Laster innhold, vennligst vent..