Hopp til innhold

Vil ikkje ha Hafs-kommunane med vidare

NAUSTDAL (NRK): Formannskapet i Naustdal vil ikkje ha Askvoll eller Fjaler med i ein ny storkommune i Sunnfjord.

Håkon Myrvang

ARKIVFOTO: Ordførar Håkon Myrvang (Ap) konstaterer at formannskapet i Naustdal ikkje vil ha med seg andre enn Jølster, Gaular og Førde i ein eventuell storkommune.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med fire mot ei røyst gjekk formannskapet inn for å ikkje opne dørene for dei to kommunane på sørsida av Førdefjorden.

– Det blir som å starte prosessen på nytt. Høyringa har spesifikk gått på Jølster, Gaular, Naustdal og Førde, seier ordførar Håkon Myrvang (Ap).

Ynskjer med

Vel ein tredjedel ville at Naustdal skulle stå på eigne bein då innbyggjarane sa sitt i byrjinga av månaden. Nokre få prosent færre røysta for det som blir omtala som «liten Sis», altså ein storkommune med Jølster, Gaular og Førde.

I både Fjaler og Askvoll håpar dei å bli invitert inn i varmen i «liten Sis» når HAFS-alternativet er lagt dødt. Til no har både Jølster og Naustdal vore skeptiske.

I dag tek kommunestyret i Jølster stilling til om ein skal opne dørene for Fjaler og Askvoll.

– No konsentrerer formannskapet i Naustdal seg om liten Sis, seier Myrvang.

– Kvifor halde Fjaler og Askvoll på utsida?

– Det har vore ein prosess der ein har vore tydelege på kva kommunar som er del av dette. Det har vore nemnt fire kommunar, pluss Flora.

I juni skal Naustdal gjennomføre ei innbyggjarhøyring, og håpar å ha svar på den innan 10. juni. I slutten av same månad ventar politikarane ei endeleg avgjerd i saka.