Hopp til innhold

Her bryt ho forhandlingane om stor-Sogn

LEIKANGER (NRK): Ein storkommune Vik/Balestrand/Leikanger/Sogndal/Lærdal/Årdal er truleg skrinlagd. Forhandlingane held fram, men utan Årdal og Lærdal.

Laura Kvamme

SOGNDAL OG VIK BRAUT FORHANDLINGANE: Fungerande ordførar Laura Kvamme (Sp) i Sogndal vil ikkje lenger forhandla om å få til eit stor-Sogn med seks kommunar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er to grunnar til at me braut. For det fyrste har Sogndal kommunestyrevedtak på å sjå på nordside-alternativet (Balestrand, Vik, Leikanger og Sogndal) òg. For det andre gjekk forhandlingane for mykje inn i detaljane, noko som låste fordelinga av arbeidsplassane mellom kommunane, seier fungerande ordførar Laura Kvamme (Sp) i Sogndal.

Saman med Vik sette storebror Sogndal med det punktum for forhandlingane om ein storkommune av Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Lærdal og Årdal.

Dei seks kommunane møttest i Leikanger i dag til fjerde møte sidan forhandlingane starta i starten av januar i år.

Frustrasjon i Vik og Sogndal

– Dette blei for detaljert, og me køyrde oss opp i eit hjørne, der fordelinga mellom dei seks kommunane ikkje blei lik nok, seier ordførar Olav Turvoll (Sp) er grunnen til òg av Vik braut forhandlingane.

Olav Turvoll, Roy Egil Stadheim, Morten Midlang

VIK MISNØGDE MED FORDELINGA AV ARBEIDSPLASSAR: Ordførar Olav Turvoll (Sp, f.h.), varaordførar Roy Egil Stadheim (Ap) og Morten Midlang (H).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I forslaget til fordeling av dei 2562 kommunale arbeidsplassane i ein framtidig storkommune i Sogn, som låg på bordet då brotet kom, hadde Vik fått landbruksforvaltninga, Årdal teknisk avdeling, Balestrand oppvekst og kultur, Leikanger administrative fellesfunksjonar (IKT, personal, skatt og økonomi), Lærdal helseadministrasjon og Sogn lokalmedisinske senter medan Sogndal skulle vera kommunesenter med rådmann, kommunalsjefar og utviklingsavdeling.

I tillegg var det semje om å byggja opp kommunale avdelingar for næringsutvikling og kraft, utan at desse oppgåvene var fordelte mellom kommunane.

Regionrådsleiar avviser kritikk

Balestrand-ordførar og leiar i Sogn regionråd, Harald Offerdal (Ap), var ein av dei som pressa på for å konkretisera korleis arbeidsplassane skulle fordelast.

Offerdal avviser at han ber ansvaret for at forhandlingane mellom dei seks kommunane havarerte.

– Regionrådet har koordinert arbeidet, men dette er den einskilde kommunen sitt ansvar og må stå for standpunkta sine åleine.

Jan Geir Solheim, Arild Ingar Lægreid

IKKJE SKULD I HAVARIET: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal er ikkje samd i at Lærdal og Årdal provoserte fram forhandlingsbrotet ved å pressa Sogndal for hardt i spørsmålet om dei omstridde omgåande hjelp-sengene.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Nordside-alternativet siglar opp

Forhandlingshavariet inneber at Lærdal og Årdal må tenkja nytt rundt eventuelle samanslåingspartnarar.

Forhandlingane om ein mindre storkommune i Sogn – det såkalla Nordsidealternativet – held fram, med Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), er skuffa over brotet.

– Eg forstår rett og slett ikkje kvifor Sogndal og Vik braut.

Lærdal – med støtte frå Årdal – la i starten av dagens forhandlingar sterkt press på Sogndal for at regionsenteret skulle gi frå seg dei to omstridde senger knytt til omgåande hjelp og overvaking til Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal.

Solheim avviser at Lærdal og Årdal sjølve kan ha provosert fram brotet.

– Forhandlingar handlar om å gi og ta, og me blei til slutt samde om dette punktet, seier Solheim.