Hopp til innhold

Behring Breivik kan bli fengsla sjølv om han er psykotisk

Mykje tyder på at Anders Behring Breivik lir av ei smalspora psykose knytta til det intense innvandrarhatet hans, meiner spesialist. Ein slik diagnosetype vil ikkje kvalifisera til fengselsfritak.

Tegning av Anders Behring Breivik

Tysdag kjem rapporten frå rettspsykiatrane om sinnstilstanden til Anders Behring Breivik. Basert på bla. 13 samtalar med den terrorsikta, har dei sakkunnige teke stilling til om han er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje.

Foto: Esther Maria Bjørneboe (rettstegning)

Overlege og psykiatri-spesialist Kjersti Narud

Overlege og psykiatri-spesialist Kjersti Narud.

Foto: Privat
Pål Grøndahl

Pål Grøndahl er psykolog og spesialist i klinisk vaksenpsykologi. Han har også breid erfaring som rettspsykiater.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

– Eg vurderer det som at han kan ha ein avgrensa psykosetanke skrudd inn på at han ved hjelp av massedrap skal kunne redda folkesetnaden i Noreg og i Europa frå islamisering og sosial og kulturell undergang, seier overlege og psykiatri-spesialist Kjersti Narud.

Sjølv om psykotiske lidingar er ein av faktorane i straffelova som gjev straffefritak, vil ikkje ein slik avgrensa psykose kvalifisera til å bli vurdert strafferettsleg utilrekneleg.

Psykose-spørsmålet

Tysdag klokka 09 overleverer dei sakkunnige rettspsykiatrane sin rapport om sinnstilstanden til Behring Breivik til Oslo tingrett. I rapporten vil dei konkludera med om Behring Breivik er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje.

Straffelova i dei fleste land slår fast at dersom ein ikkje veit kva ein gjer når ein utfører ei straffbar handling, kan ein heller ikkje bli straffa for det.

I Noreg er vilkåra for straffefritak at gjerningspersonen var psykotisk, medvitslaus, sterkt psykisk utviklingshemma eller under 15 år då ugjerninga skjedde.

I Behring Breivik sitt tilfelle kan dei tre siste alternativa strykast. Spørsmålet er om han har ei psykotisk liding som er omfattande nok til å bli vurdert som utilrekneleg og friteken fengselsstraff.

Innvandrarhat

Narud er spesialist i psykiatri ved Kompetansesenteret for tryggings- fengsels- og rettspsykiatri. Ho understrekar at ho ikkje har kjennskap til innhaldet i rapporten eller til materialet som ligg til grunn for den.

– Basert på informasjon gjennom media og det såkalla manifestet til Behring Breivik, meiner eg mykje talar for at Behring Breivik lir av ein smalspora psykose relatert til synet på islam og hatet mot innvandrarar, seier Narud.

Ho oppfattar psykosen som avgrensa fordi han ellers ser ut til å ha fungert normalt på mange måtar i samfunnet.

– I lang tid har han vore i stand til å planleggja og loggføra det han har gjort på ein svært omfattande og nitid måte, seier Narud.

To diagnoser

I rapporten om den mentale helsa til Behring Breivik som kjem tysdag, har rettspsykiatrane både gjort greie for ein klinisk diagnose, og ein rettspsykiatrisk diagnose av terroristen.

Det er den sistnemnde diagnosen dei legg til grunn for konklusjonen, og i rettspsykiatrien skal det langt meir til for å få ein psykose-diagnose enn i vanleg klinisk praksis.

– For å bli erklært psykotisk i rettspsykiatrien må den psykotiske lidinga vera så gjennomgripande og altomfattande at den styrer alle handlingar, tankar og gjeremål i kvardagen til gjerningspersonen, fortel Pål Grøndahl, som har mange års erfaring som rettspsykiatar.

Personar med meir avgrensa kliniske psykosar kan dermed få fengselsstraff. Er rettspsykiatrane i tvil, skal dei alltid konkludera med at gjerningspersonen er tilrekneleg.

Forstyrra, men ikkje psykotisk

– Det gjeld til dømes personar som lir av paranoia med utslag i kraftig sjalusi som i visse situasjonar får dei til å mista taket på verkelegheita. Slike personar kan fungera greitt på andre område i dagleglivet, og vil ikkje bli vurderte som psykotiske i rettspsykiatrien, opplyser Grøndahl.

Han viser til «Parkeringshus-drapet» i Bergen i 2005, der Trond Ramsland blei dømd til 20 års fengsel for å ha drepe eks-kona si i eit p-hus i Bergen sentrum.

I sakkunnig-rapporten slo rettspsykiatrane blant anna fast at drapsmannen hadde alvorlege personlegdomsforstyrringar, sterke narsissistiske trekk og mangel på empati. Ramsland blei likevel ikkje vurdert som psykotisk i eit rettspsykiatrisk perspektiv og kunne difor dømmast til fengsel.

Trikkedrapsmann var psykotisk

Den mest klassiske sinnslidinga som gjev grunnlag for straffefritak er paranoid schizofreni, ifølgje Grøndahl.

Ein som går inn under denne kategorien er gjerningsmannen bak det såkalla «Trikkedrapet» i 2004, der ein 41-åring drap ein 23-åring på trikken i Oslo med ein 20 cm lang kniv.

Mannen forklarte at han kjende seg forfulgt og at han høyrde stemmar som bad han om å drepa. Mannen blei i retten erklært psykotisk og utilrekneleg, og blei underlagt tvinga psykisk helsevern.

Dei sakkunnige rettspsykiatrane sin rapport om sinnstilstanden Behring Breivik er ei fagleg tilråding. Den bestemmer ikkje straffeutmålinga eller om den sikta skal bli erklært tilrekneleg eller utilrekneleg. Rapporten blir levert til retten, som i samråd med den rettsmedisinske kommisjonen tek den endelege avgjerda.

Det er likevel svært uvanleg at retten underkjenner konklusjonen til dei sakkunnige.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger