Hopp til innhold

Basunen

Når Tor Edvin Dahl skildrar pinsevenmiljøet, så tek han med både det storslåtte og det forferdelege. Nettopp derfor blir bøkene så sterke.

Ein vakker sommardag i mellomkrigstida blir det i hovudstaden arrangert ein båttur for einslege, religiøse kvinner, slik at dei skal få kome seg ut av dei små hyblane sine og få litt sol på kroppen - i ærbare former. Denne turen endrar livet til fire menneske:

Kaptein Knudsen blir forgapt i den vakre enka Magda. Kanskje skjedde det same med den nokså bryske Sigrid Ravnegård. I alle fall flyttar ho utan noko om og men inn i det tronge husværet der Magda bur med dottera si, fortrenger jentungen frå dobbeltsenga og tek sjølv plassen der. I denne senga blir det ganske snart fødd ein stor visjon: Dei to skal lage eit kristeleg plateselskap.

Basunen

Med gudsfrykt og viljestyrke blir Basunen ein realitet og ein suksess. Magda og Sigrid blir dei allmektige og etterkvart temmeleg fryktinnegytande sjefane for eit konglomerat av plateproduksjon, butikkar og eigedommar til Guds ære, medan den forelska kaptein Knudsen blir den evig underdanige sjåfør.

Frelsesfryd og tungetale

Rundt Basunens vekst og fall teiknar Tor Edvin Dahl eit bilde av eit miljø få kjenner frå innsida, og han gjer det i stor detalj. Frelsesfryd og tungetale knyter sterke band mellom venene, så sterke at den som vågar å ønskje seg andre stader får store problem.

Forsamlinga tek vare på sine, og som alle sekter har dei sine grensevaktarar, som både veit kva som er synd og kva ein elles skal passe seg for. Her gjeld regelen om alt eller ingenting: vil du ha fellesskap med Gud og venene må du forsake verda og underkaste deg dei som bestemmer. Slikt krev offer, og offer blir gjort.

Men meir enn ein roman om maktovergrep i tette, religiøse miljø, er dette ei historie om to kvinner som gjennom det same miljøet får sjølvtillit og handlekraft til å utrette store ting. Parallellane til Dag Solstads bok om ”den store politiske vekkelsen” er mange og tankevekkande. Desse damene ville ikkje ha nølt med å sykle på vatnet - dersom det var vegen til Perleporten.

 

Kulturnytt, NRK P2, 20. desember 2006

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP