Hopp til innhold

Her er sakene vi klikka på i 2012

Endre Gjerde sine 260 julebord, betongbilen som reiv ned høgspentline, nakenstunt i Våtedalen og humoristisk jobbsøknad på Værlandet er årets desidert mest leste saker på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider i 2012.

Dei mest besøkte sakene i 2012.

MEST BESØKTE: Over halvparten av dei mest besøkte sakene til NRK Sogn og Fjordane var frå Nordfjord i år.

Foto: Kollasj

Det er ein variert meny som toppar lista over årets mest leste saker.

Dette er dei ti mest leste sakene i 2012

1. Var med på 260 julebord

Endre Gjerde

«JULEBORDGROSIST»: På det meste var Endre Gjerde med på tre julebord på ein dag.

Foto: Arve Uglum / NRK

NRK fortalde i byrjinga av desember om Endre Gjerde frå Hermansverk, ti år på rad deltok på 26 årlege julebord. På det meste var han med på tre julebord på ein dag. Dette heldt på å ta fullstendig knekken på mannen som rekna seg som ein grossist i tillitsverv. Etter å ha fått stadfesta både diabetes og ekstrem overvekt, tok Gjerde grep og gjekk ned 40 kilo.

2. Betongbil reiv ned høgspent

Uhellet på riksveg 15 i Vågsøy tronar øvst på lista. Mange sperra opp ago då dei såg ein betongbil kome køyrande med kranen høgt heva. Det kunne ikkje gå bra på ei strekkje med høgspentlina hengande over vegbana.

Betongbil reiv ned høgspent

LANG KØ: Høgspentlinja vart riven ned av krana som stod strak opp frå betongbilen.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Ved Tennebø tok kranen med seg høgspentlina og mørkla nær heile kommunen. I ettertid refsa lensmann Tormod Hvattum trafikantar for å ta bilete, framfor å stogge den farefulle ferda.

– Her har sjåføren gjort ein tabbe, og alle måtte forstå at ikkje alt var som det skulle her. Ergo burde dei som møtte bilen ha prøvd å stanse han, sa Hvattum.

Føraren av betongbilen fekk 7.000 kroner i bot etter uhellet.

3. Kledde av seg – enda i avisa

Impulshandlinga til Paul Lockhart og kjærasten i mai vakte nasjonal merksemd. På veg gjennom Våtedalen mellom Gloppen og Jølster stogga paret for å ta nakenbilete.

Tok nakenbilete i Våtedalen

IMPULS: Dei handla på impuls, Paul Lockhart og kjærasten var med på å prege mediebiletet i byrjinga av mai.

Foto: Paul Lockhart

Det dei ikkje visste var at journalist Hallstein Dvergsdal i Firda Tidend også var på veg. Då han stogga for å ta ein telefon, foreviga han like godt seansen og trykte bileta i avisa.

– Vi syntest det var artig å sjå oss sjølve på nettet. Vi hadde jo aldri planlagt biletet, men hadde det berre moro. Det speglar nok oss som personar på ein eller annan måte, sa Lockhart til NRK.no i etterkant.

4. – Det må vere tidenes jobbsøknad

Kafévert Gry Leite på Værlandet fekk ei latterkule av dei sjeldne då ho fekk Marius Gjøstein sin søknad om sommarjobb på bordet. Den humoristiske søknaden gjekk rett heim hos Leite, men også hos NRK sine lesarar som delte saka over 4.700 gonger på Facebook.

Marius Gjøstein.

HUMOR: Marius Gjøstein pepra jobbsøknaden med humor. Det fekk han betalt for.

Foto: Privat

Eigedomsmeklarstudenten viste mellom anna til at han kan både pluss og minus, litt flytande norsk og berre har fem tommeltottar. Utrusta med «anleggsmaskinførar sertifisering» ville ikkje ryddearbeid by mot problem – på dagar i medvind.

– Eg rekna det ikkje som noko kjempefare å prøve med humor, men må jo seie at det har teke litt meir av enn eg tenkte. Eg hadde aldri rekna med så mykje oppstyr, gliste 26-åringen i etterkant.

5. Verdas første flytebryggje for cruiseskip

Verdas første flytebryggje, Seawalk-kaia, trefte sjøen i Skjolden då cruiseskipet Queen Elisabeth vitja bygda i august. Konseptet vart utvikla av Høyanger-selskapet Østerbø Maskin, men såg dagens lys etter at Cruise Ventures på Veitastrond kjøpte og tok det vidare.

Testa ut mobil flytebryggje for cruiseskip i Skjolden

TEST: Verdas første flytebryggje vart i sommar testa ut i Luster.

Foto: Tage Skjaak Moen

Den mobile flytebryggja har fått stor internasjonal merksemd, og har kapasitet til å tømme eit skip med 4.000 passasjerar på ein time. Noko som kan vere godt nytt for fjorddestinasjonar som opplever kraftig auke i cruiseanløp.

– Dette er ein løysing som er veldig miljøvenleg, den er lite plasskrevjande, og fleksibel i forhold til anløpa. I tillegg er kostnaden ved ei slik kai vesentleg lågare enn ei fast kai, sa styreleiar Ole Heggheim.

6. Fekk kveite på 2.20 meter og 150 kg

Det var ikkje noko rekordkveite Jon Arne Stokke (63) drog opp frå Gloppefjorden i august, men likevel eit beist få har sett maken til. For fisken som fall for freistinga å glefse i seg silda Stokke festa på lina, målte ikkje mindre enn over to meter og 150 kilo.

Jon Arne Stokke

GIGANT: Kveita Jon Arne Stokke trekte opp frå djupet var ingen småkar.

Historia om kjempefangsten gjekk landet rundt, men trass stor mediepågang fekk han tid til å filetere kveita.

– Eg har ikkje fryseplass til alt, så eg håpar at folk vil ha, fortalde Stokke til NRK.no dagen deretter.

7. Folk fauk veggimellom

Passasjerane klamra seg fast då tre svære bølgjer trefte hurtigruta «Kong Harald» på vêrutsette Stadhavet på veg nordover 19. januar i år.

Materielle skader på Hurtigruta etter at skipet blei treft av store bølgjer

KAOS: Både passasjerar og ting fauk veggimellom då Hurtigruten vart treft av tre store bølgjer på Stadhavet.

Foto: NRK/Ole Andre Rekkedal

Båten la seg langflat over på sida og folk, bord, stolar og andre ting vart kasta kring om. Til alt hell vart ingen alvorleg skadde i hendinga.

– På Stadhavet kan så mangt skje, men det var ikkje noko spesielt grov sjø i dag. Men av og til får vi slike bølgjer som er betydeleg større enn dei andre, sa kaptein Tom Rune Einarsen.

8. Sikre på at dei såg sjøorm

Ein har lenge snakka om sjøorm i Hornindalsvatnet, og i august var Arvid Otterdal, Andreas Solvik og Finn Nyhammer sikre i si sak; dei fekk den på bilete.

Arvid Otterdal (f.v.), Andreas Solvik og Finn Nyhammer. Dei såg sjøormen i Hornindalsvatnet

SIKRE: Arvid Otterdal (f.v.), Andreas Solvik og Finn Nyhammer er sikre på at dei såg sjøorm i Hornindalsvatnet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Bileta viser to buer i vassoverflata på europas djupaste innsjø, og vart omtala i fleire media. Trioen avviste at dei hadde koka saman ei røvarhistorie og manipulert bileta.

– Vi har sett det vi har sett, det er ikkje tvil om, sa Solvik. Zoolog Peter Bøckman var derimot sikker på at det ikkje var ein sjøorm.

– Stort sett meiner ein at sjøormar er ei form for slangar, krypdyr eller kanskje ein slags kjempefisk. Og alle desse dyra buktar seg sidelengs. Det er ingen som hevar deler av kroppen opp over vatnet slik vi ser på biletet, sa han.

9. Måtte sjølve fire seg ned frå korg

Farstad og Espelund

OVERNATTA: Kåre Olav Farstad (t.v.) og Kristoffer Espelund fekk ei ufrivillig natt i ei korg 100 meter over fjorden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

SFE-montørane Kristoffer Espelund (18) og Kåre Olav Farstad (31) fekk i kald, våt og luftig overnatting i september. 100 meter over Nordfjorden måtte dei to dele ei lita arbeidskorg då ein teknisk feil gjorde at korga ikkje ville inn att til land etter eit rutineoppdrag.

Helikopter gjorde fleire forsøk på å berge dei to mennene, men enda på visa vart at dei to måtte fire seg sjølve ned til ein ventande båt på fjorden.

– Det var surt og kaldt, og bles mykje. Også på natta bles det mykje, fortalde Farstad.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her firer Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund seg dei 100 meterane frå arbeidskorga til båtane under høgspentlinja.

SJÅ VIDEO: Her bergar dei seg ned frå høgspentlinja.

10. Tømde septiktank ved turistattraksjon

Dopapir i naturen

RESTAR: Dette dopapiret var mellom det som låg att i naturen etter at tanken var tømd.

Foto: Birger Meland / NRK

Rett nedanfor den kjende turistattraksjonen Bøyabreen i Fjærland, stilte slambilen seg opp og byrja å tømme tanken. Sjokkerte augevitne fortalde at lukta av kloakk hang over området.

Entreprenør Gunnar Følid vedgjekk at det var han som tømde slambilen, men hevdar det berre var reint vatn på tanken.

Sogndal kommune melde seinare entreprenøren til politiet for brot på forureiningslova. Saka er førebels ikkje avgjort.

Fleire saker på «klikklista»: