Hopp til innhold

Her tømmer septikbilsjåføren tanken rett ved turistattraksjon

Sjokkerte augevitne trudde knapt sine eigne auge då dei såg ein septikbil tømme seg rett ved elva nedanfor ein isbre i Fjærland.

Tømde septikbil ved isbre

RETT VED ISBRE: Her tømmer Følid det han seier var reint vatn. Men augevitne seier det stinka kloakk av det som vart sleppt ut.

Foto: Benedicte Opheim Meland

Septikbilen stod oppstilt i ein halvtime medan illeluktande væske rann ned mot elvekanten. Camilla Opheim Meland seier det stinka kloakk medan tømminga gjekk føre seg.

– Eg blir sint av å sjå sånt. Det er jo om å gjere å ta vare på naturen, ikkje øydelegge den, seier ho.

Septiktømming ved isbre

TYDELEGE SPOR: Dette biletet er teke fredag. Det er tydelege spor etter tømminga som gjekk føre seg på tysdag.

Foto: Birger Meland / NRK

– Kloakkstank i lufta

Det var tysdag denne veka at slambilen til Gunnar Følid frå Vik stilte seg opp rett nedanfor den kjende turistattraksjonen Bøyabreen i Fjærland.

Bøyabreen er ein del av Jostedalsbreen, som er landets største isbre. Jostedalsbreen er også ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark.

Sjokkerte turistar trudde dei stod i urørt natur, men så kom slamtømmingsbilen og byrja å spyle væske rett ned mot elvekanten. Lukta av kloakk hang over området. Camilla Opheim Meland var på tur saman med systera Benedicte og seier folk ikkje kunne tru det dei såg.

– Når du er på ein bre er ikkje synet av ein septikbil som står og tømmer seg det synet du forventar og sjå, seier Opheim Meland.

Tømde septik ved Bøyabreen

BEGGE TANKANE: Sjåføren tømde både bilen og sin eigen tank.

Foto: Benedicte Opheim Meland

Skal til godkjende mottak

Dei to systrene seier bilen stod minst ein halvtime og tømte seg. Medan han heldt på dokumenterte dei det ved å ta bilete.

– Me kom til breen mellom 11.45 og 12.00, og då me reiste klokka 12.30 då var bilen der framleis, og det rann framleis frå bilen.

Bøyabreen

BØYABREEN: Bøyabreen er ein del av Jostedalsbreen, og er eit populært turistmål.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Entreprenør Gunnar Følid vedgår at det var han som tømte slambilen i elva, men han hevdar det ikkje var septik som folk lukta og såg.

– Kloakken leverer eg i Balestrand, det som var i bilen der var berre reint vatn.

Dopapir i naturen

DOPAPIR: Restar etter tømminga sist tysdag.

Foto: Birger Meland / NRK

– Bilen var rein

Han seier han hadde spylt bilen innvendig og deretter fylt på vatn etterpå. Då han kom til Fjærland for å tømme septik bestemte han seg for å dumpe det truleg forureina vatnet.

– Eg sleppte ifrå meg reint vatn, det var omtrent 100 liter vatn som eg hadde inni tanken etter at eg hadde spylt tanken, seier Følid.

– Det var vel ikkje heilt reint vatn, for det var inne i ein septikbil?

– Den var spylt tidlegare, so den var rein, svarar Følid.

– Dei som var der seier det lukta kloakk?

– Eg opna jo luka til septiktanken medan eg dreiv på, men det lukta ikkje kloakk av det eg tømte ut. Det var vatn som eg hadde inni tanken som eg helte inni etter at eg hadde spylt den rein.

– Tek du som transportør dette med miljøkrav alvorleg?

– Me blir ikkje einige, so me kan berre gi oss, seier Følid, før han legg på telefonen.

Tømte septikbil ved nasjonalpark

LIKE VED BREEN: Oppe til venstre ser du fjellet rett under breen.

Foto: Benedicte Opheim Mæland

Ikkje høyrt om slik praksis

Gunnar Følid har tidlegare blitt bøtelagt av politiet etter å ha drive med ulovleg forureining. I 2009 vart det avdekka at han som entreprenør hadde dumpa store mengder med ulovleg avfall i ein elvekant i Vik. Oppdragsgjevaren fekk 75000 i bot, medan Følid fekk 15000.

NRK har snakka med bransjefolk som seier dei aldri har høyrt om ein slik praksis med tømming av vatn som Følid her snakkar om. Septikbilar skal reingjerast på godkjende stadar med eigne avskillarar for ureina stoff.

Benedicte og Camilla Opheim Meland håpar at miljøstyresmaktene ser på saka, dei kan heller ikkje forstå kvifor det skulle ta ein halvtime å tømme nokre få hundre liter med vatn.

– Han må ha fylt godt opp med vatn inni der. Og uansett kva det var han tømde, so ligg det masse bakteriar og alt mogleg i tanken, so må jo vera skadeleg.