Hopp til innhold

Lensmann refsar folk for å ta bilete framfor å gripe inn i situasjonen

Lensmann Tormod Hvattum reagerer kraftig på at folk tok bilete av ein betongbil med pumpearmen oppe – framfor å prøve å stanse den farlege ferda.

Bentongbil Vågsøy

SKUMMEL SITUASJON: Slik kom betongbilen køyrande med pumpearmen høgt heva like ved Måløy.

Foto: NRK-tipsar

– Dette kunne gått skikkeleg gale. Det kunne ha fått katastrofale følgjer, seier Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende.

Hvattum er lensmann i Vågsøy, og meiner folk reagerte uansvarleg då ein betongpumpebil kom køyrande med pumpearmen rett til vêrs.

Onsdag kveld var det nemleg fleire som fekk hakeslepp då dei såg bilen komme køyrande med pumpearmen ragande mange meter opp i lufta.

Armen drog til slutt med seg ei høgspentline ved Tennebø, og drog denne med seg ned i vegbana.

Biletet og saka med bilen gjekk landet rundt på mange nettaviser.

– Her har sjåføren gjort ein tabbe, og alle måtte forstå at ikkje alt var som det skulle her. Ergo burde dei som møtte bilen ha prøvd å stanse han, seier Hvattum til Fjordenes Tidende.

– Dei burde sjølve ha stansa og prøvd å signalisert til betongbilsjåføren, seier han til avisa.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

KRITISK: Lensmann Tormod Hvattum likar ikkje at folk tek bilete i staden for å gripe inn i farlege situasjonar.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende