Hopp til innhold

Slik kom betongbilen køyrande før den reiv ned høgspentlina

Utruleg, men sant. Slik kom betongbilen køyrande langs riksveg 15, før den tok med seg høgspentlina og mørkla nær heile Vågsøy i ettermiddag.

Bentongbil Vågsøy

HØGT HEVA: Krana på betongbilen raga mange meter høgt over bilen då den kom køyrande langs riksveg 15 i ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

Folk som var på veg heim frå jobb i Måløy fekk sjokk då dei såg betongbilen kome køyrande med krana høgt heva.

Brått tok krana tak i høgspentlina ved Tennebø utanfor Måløy, og drog den med seg ned i vegbana.

– Vi fekk melding om køyringa frå publikum og hadde ei patrulje på veg då dette skjedde, opplyser operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Betongbilen reiv ned linja ved Tennebø bru, ikkje langt frå Måløy vidaregåande skule. Dette førte i ettermiddag til straumstans og vegstenging.

bilkø tennebø

LANGE KØAR: Uhellet skjedde midt i ettermiddagsrushet i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Straumen er framleis vekke hos nokre abonnentar i området der uhellet skjedde. Det vil seie Tennebø og Skavøypollen. Vi har folk i området som jobbar intenst med feilretting, opplyser driftsoperatør i Sogn og Fjordane Energi, Gunnar Stensaker.

Betongbil reiv ned høgspent

HØGSPENT-UHELL: Føraren av betongbilen var uheldig og reiv med seg både høgspentlina og deler av autovernet.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Riksveg 15 var stengt fordi den straumførande høgspentlina låg nede i vegbana, men Statens Vegvesen meldte klokka 16.20 at vegen no er opna att for fri ferdsel.

– Det var fleire kilometer kø i begge retningar og mange undra seg over kva årsaka kunne vere, fortel folk på staden til NRK.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med føraren av betongbilen.