Hopp til innhold

Fryktar cruisekai skader fisken

Ein grunneigar i Skjolden fryktar den nye flytebryggja for cruiseskip er til fare for båttrafikk og påverkar fisket i elvane negativt. No har han klaga til Fylkesmannen.

Testa ut Seawalk-kai i Skjolden

VERDAS FØRSTE: Seawalk-kaia som tidlegare i sommar vart testa ut i Skjolden er verdas første av sitt slag.

Foto: Tage Skjaak Moen

I starten av august vart verdas aller første flytebryggje for cruiseskip testa ut i Skjolden. Den såkalla Seawalk-kaia er ei samanleggbar flytebryggje og skal ifølgje utviklarane vere langt meir fleksibel enn ei fast kai.

Men ikkje alle er like imponert. Grunneigar i Skjolden, Lars Steinar Hauge, er uroa for at flytebryggja er lagt ut på ein slik måte at det går ut over fisket i elvane i nærleiken.

Godkjent av kommunen

Hauge ønskjer ikkje å la seg intervjue av NRK, men i eit brev han har sendt til Fylkesmannen reagerer han på plasseringa av flytebryggja. Grunneigaren meiner bryggja sperrar av to tredjedelar av fjordbassenget og har negativ betydning for området nær Fortunselva og Mørkridselva.

Plansjef i Luster kommune, Arne Lerum, seier godkjenninga dei har gitt til utbyggjar Skjolden Cruisekai, er i orden.

– Visst Seawalken ligg slik som det er omsøkt, og det meiner eg den gjer, så er det slik som fiskerisakkyndinge har godkjent, seier Lerum til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Testa ut verdas første flytebryggje for cruiseskip i Skjolden

STOR MERKSEMD: Selskapet Cruise Ventures på Veitastrond, som har vidareutvikla kaia, trur det blir seld mange Seawalk-kaier i tida framover.

Foto: Tage Skjaak Moen

Fleire har vore kritiske

Det er ikkje berre grunneigar Lars Steinar Hauge som har vore kritisk til flytebryggja for cruiseskip. Kystverket er uroa for plasseringa og Fiskeridirektoratet fryktar for brislingfiske.

– Det vi har sagt er at visst fortøyingane kjem i konflikt med utøving av fiske og bruk av låssettingsplassane, så frårår vi at tiltaket kjem på plass, seier rådgjevar i Fiskeridirektoratet, Hanne Marie Utvær.

Om kommunen har tatt omsyn til desse innspela har Fiskeridirektoratet ikkje fått svar på. No vil kommunen få på plass ei avklaring på om flytebryggja ligg slik dei gav løyve til.