Hopp til innhold

Rift om farlege hus på billigsal

Einebustadane har så alvorlege feil at det er farleg å opphalde seg i dei. Likevel; interessa for å kjøpe dei har vore enorm.

Eitt av to skrøpelege hus i Botnane

VERDT 184 000 KR: Dette huset er mindre verdt enn tomta det står på.

Foto: Advokatene Høivik og Nybø

Det er bt.no som fortel om dei to husa i Bremanger som er til tvangssal fordi kreditorane ikkje har fått pengane.

Takstmann Per Gunnar Bjørkaas i kommunen slår i sine rapportar fast at det vil koste 5,4 millionar kroner å rette opp feila. Bustadane vart ifølgje avisa ført opp av ein mann som hyra inn portugisisk arbeidskraft.

– Responsen har vore overveldande. Vi har sendt ut 48 salsoppgåver på det eine, og 63 på det andre. Det plar ikkje vere så mange interessentar, fortel advokat Stig Nybø til NRK.no.

Tomta dyrare enn huset

Husa, som er bygde i Botnane i Bremanger, har lege ute for sal på finn.no. Interessentar, også frå utlandet, har teke kontakt for å forhøyre seg om husa. Bjørkaas vil ikkje kommentere saka, verken for bt.no eller NRK.no.

Den dyraste einebustaden har fått redusert normal teknisk nyverdi frå 3 619 200 kroner til 619 200 kroner med tomt. Av dette utgjer verdien av tomta 300 000 kroner.

Det rimelegaste huset får ein teknisk verdi på 484 000 kroner med tomt, medan normal teknisk verdi er sett til 2 284 800 kroner. Tomta blir vurdert til 300 000 kroner, så sjølve huset er med andre ord ikkje verdt meir enn 184 000 kroner.

Begge husa er bygde i 2010, og i salsoppgåvene blir det lokka med flott utsikt vestover skipsleia. I begge salsoppgåvene står det vidare at det "er i utgangspunktet et kurant hus. Imidlertid er utførelsen langt tilbake å ønske".

(Artikkelen held fram under biletet).

Skrøpeleg hus i Botnane

VERDT 319 200: Dette huset er verdt litt meir enn tomta det står på.

Foto: Advokatene Høivik og Nybø

Titals på visning

I rapportane sine konkluderer Bjørkaas med svært dårleg forfatning, arbeid er ikkje utført fagmessig, og våtrom som ikkje følgjer føreskrifter eller normer. Han skildrar slett innsetjing av dører, vindauge, trapper, montasje av listverk, veggplater, golv, himlingsplater og liknande. Ytterveggar skal det vere mogleg å flytte på.

Trass alvorlege feil, har det likevel vore enorm respons for husa. Også den reelle interessa, dei som følgjer opp salsmeldinga med synfaring av huset, har vore god.

– Det har vore anslagsvis ti stykke på visning, pluss minus. Det er jo billege hus, og mange tenkjer sikkert at det kan vere ei grei hytte ute i «huttaheiti», seier Nybø til NRK.no.

Reknar med sal

– Det må no seiast å vere bra, med tanke på at dei alvorlege feila med husa er kjende for interessentane?

– Ja, det er bra respons, seier Nybø. Han reknar også med å fullføre sal av begge husa.

– Vi har bod på begge, og reknar med å kunne selje dei til rundt det som er slått fast i taksten, seier han til NRK.no. Ifølgje bt.no skal det ha kome inn bod på høvesvis 400 000 og 600 000 kroner for husa.