Hopp til innhold

No er det snø på alle fjella - fleire bilistar har fått problem allereie

Det er måndag kveld meldt om snø på alle dei store fjellovergangane i Sør-Norge. Sommardekk er ingen god idé. Fleire bilistar har allereie fått problem, men ved 23-tida var det førebels ikkje meldt om personskader.

Glatte vegar

KJETTING: Mange av tungbilsjåførane la på kjetting då dei møtte på snøen på riksveg 15 over Strynefjellet måndag.

Foto: Olav Standal Tangen

På Strynefjellet var det fleire bilistar som vart overraska då dei møtte kvit veg måndag ettermiddag. Både store og mindre køyrety fekk problem i bakkane.

Lastebilsjåfør Jan Erik Fløtre fortel til NRK.no at det vart det reine kaoset i området mellom Ospelitunnelen og Grasdaltunnelen på riksveg 15.

– Det var personbilar som ikkje kom seg opp, og lastebilar som fekk problem, fortel han.

Sjølv valde han å leggje på kjetting då han såg kor mykje snø som hadde kome.

– Det var nok mange med sommardekk her, seier han og fortel at mange vart ståande bom fast og valde å snu.

Oppmodar om bruk av vinterdekk

Då NRK snakka med Vegtrafikksentralen i Bergen ved 19.30-tida sa dei at dei hadde fått melding om snø på alle fjellovergangane i Sør-Norge.

Både på Hemsedalsfjellet, Tyin-Årdal, Hol-Aurland, Strynefjellet, Haukelifjell og Hardangervidda må bilistar vere budde på å møte snø.

– Uansett kva fjellovergang folk skal over no bør dei bruke vinterdekk, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen i Bergen.

NRK har vore i kontakt med brøytebilsjåførar på fleire av fjella og alle oppmodar folk om å bruke vinterdekk. Snøen kjem i byer og kan i periodar legge seg godt i vegen slik at det blir både glatt og sleipt.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er nattestengd. Vegen stengde klokka 20.00 måndag kveld og er venta opna att klokka 08 tysdag.

E16 over Filefjell og riksveg 13 over Vikafjellet er begge stengde på grunn av vegarbeid. Filefjell er stengt fram til fredag 12. oktober, medan Vikafjellet er stengt i natt på grunn av vedlikehaldsarbeid. Vegen er venta å opne att tysdag klokka 07.

(Artikkelen held fram under videoen)

Slik ser det ut på fylkesevg 53 Årdal-Tyin måndag kveld.

SNØFØRE: Slik er vêr og føreforholda på fylkesveg 53 Årdal-Tyin måndag kveld. (Foto: E. Opedal & Sønner).

Velta på glatta

Like før klokka 19 måndag kveld fekk politiet i Hordaland melding om eit trafikkuhell på E134 over Haukelifjell.

Eit vogntog hadde køyrt av vegen og velta. Bilen vart liggjande mellom 20 og 30 meter nedanfor vegen, men til alt hell kom sjåføren frå det uskadd.

Kort tid etter kom det melding om at nok eit vogntog hadde fått problem. Dette skal ha sklidd ut og sperrar vegen.

Då politiet reiste ut til ulukka passerte dei to personbilar som også hadde sklidd ut av vegen.

E134 har i lange periodar etter dette vore stengd. Vegtrafikksentralen melder klokka 22.30 at vegen er venta å opne for fri ferdsle så snart bilberginga er ferdig. Det vil kunne ta minst ein halv time.

– Sommardekk har ikkje noko her å gjere

Fleire NRK har vore i kontakt med fortel at det var kaotiske tilstandar på Strynefjellet måndag ettermiddag og tidleg kveld.

Snøen har truleg kome svært så overraskande på mange, men det nyttar ikkje med sommardekk på Strynefjellet måndag kveld.

– Ein må få på kjettingar på store bilar, og personbilar med sommardekk har ikkje noko å gjere her i dag, meiner lastebilsjåfør Jan Erik Fløtre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøen førte til trøbbel på Strynefjellet

TRØBBEL: Det var mange som vart overraska av snøfallet. Fleire valde å snu.

Foto: Olav Standal Tangen

Trøbbel også i Sunnfjord

Også på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll i Sunnfjord var det fleire bilistar som vart overraska av kvit vegbane måndag. Her skal fleire bilar ha hamna utfor vegen.

– Dei som hadde firehjulstrekk kom seg vidare, seier Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen i Bergen om forholda på fylkesvegen i Sunnfjord.

– Folk bør tenkje seg litt om og vere skodd etter forholda, seier han til NRK.no.

Det er meldt om snø ned i 600–800 meters høgde måndag og tysdag. Det er også meldt om at temperaturane er fallande.

Bjørberg 8. oktober

SNØ: Det er snø i lufta også på Hemsedalsfjellet. Brøytebilsjåførane her oppmodar folk om å bruke vinterdekk.

Foto: Statens vegvesen
Tyinosen 8. oktober kveld

TYINOSEN: Slik såg det ut på fylkesveg 53 Tyin-Årdal måndag kveld.

Foto: Statens vegvesen