Hopp til innhold

Isen laga lakseakvarium i elva

Brå frost på eit roleg stykke av Lærdalselva har laga ei spegelblank isflate som gir eit unikt vindauge ned til storlaksen.

Det har ikkje vore fiska laks i Lærdalselva sidan 2006 på grunn av lakseparasitten gyrodactylus salaris, men likevel er det rikeleg med laks i elva.
Det fekk vi eit sjeldant bevis på denne veka...

SJÅ TV-SAKA: Is, laks og ei roleg Lærdalselv gir i samspel eit flott lakseakvarium.

– Det var litt tilfeldig at eg oppdaga det. Eg var på tur her på laurdag og leitte etter oter og havørn som eg veit er her oppe. Då eg kom bort på vegkanten såg eg fisken nedi vatnet her, eg såg på sprekkane at isen var 12–15 centimeter tjukk og tenkte at no skal eg gå utpå og sjå, seier rovviltansvarleg for Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf.

Rekognoseringsturen langs det som tidlegare var E16 rundt Seltåsen i Lærdal gav han plutseleg eit perspektiv på storlaksen sitt vinterliv som han aldri har hatt før. Under han vrimla det av liv.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laks i Lærdalselva

AKVARIUM: I elva under isen sym laksen forbi, ein etter ein...

Foto: Arve Uglum / NRK

– Ei flott naturoppleving

– Det var masse fisk rundt meg. 30 til 40 15-kilos laksar. Det var ei flott naturoppleving. Eg har aldri sett laks under isen på denne måten før, seier Golf.

Den kaldblodige laksen ligg helst stille i elva på denne tida, og rører berre på seg når noko bevegar seg i nærleiken. Går du over isen eit par gonger trekk laksen vekk. Det er tydeleg at fisken ikkje er komfortabel med å ha folk gåande over seg.

– No har fisken gytt og då står han her i hølane til han slepp seg ut i havet med vårflaumane.

Naturen tok tilbake

Rein Arne Golf

TILFELDIG: Rein Arne Golf kom tilfeldig over lakseakvariumet.

Foto: Arve Uglum / NRK

Området ved Seltåsen var tidlegare tungt trafikkert og låg langs stamvegen mellom Bergen og Oslo.

Etter at tunnelen gjennom Seltåsen opna, er denne vegen stengt med bom, og området vart dermed plutseleg svært fredeleg.

– Naturen har teke dette området tilbake. No er det fisk, oter, havørn, rev, og så meg. Det er eit lite økosystem her som har kome tilbake på kort tid, flirer Golf.

«Dronningelva»

Lærdalselva har vore kjend som «dronninga» av norske lakseelver, men vart smitta av lakseparasitten Gyrodactylus salaris på midten av 90-talet. Parasitten drep lakseyngelen, og har vore forsøkt fjerna med plantegifta rotenon.

Det lukkast ikkje, og elva har i dei seinare åra vore behandla med aluminium. Den behandlinga er avslutta no.

– Både i fjor og i år har det vore bra innsig med laks i Lærdalselva, og det er tryggjande å sjå. I vår og i sommar hadde vi ei avsluttande behandling i forhold til gyro i elva. Då kan me jo håpa på at fisken som har gytt no og yngelen som veks opp neste år ikkje har parasitten på seg. Då kan elva vera i full produksjon framover, seier Golf, som sjølv eig eit stykke av Lærdalselva.

(Artikkelen held fram under biletet)

Islagt Lærdalselv.

FLOTT: Rein Arne Golf konstaterer at naturen har teke tilbake området ved Seltåsen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Stengd sidan 2006

Uansett gjer det godt for han å sjå at livet i elva går sin gang, sjølv om det ikkje har vorte fiska etter laks sidan 2006.

– Eg blir generelt fascinert av naturopplevingar, så når du kan stå og sjå rett ned på stor laks gjennom is er det ei fin vinteroppleving.

Området med spegelblank is strekkjer seg om lag 50 meter, og er omkransa av annan, mørkare is. Det har oppstått fordi vassføringa er forholdsvis roleg akkurat i denne hølen, og fordi eit stort område fraus samtidig.

– Skikkeleg felle

Vindauget ned til laksen vil halde seg så lenge det er kaldt og lite nedbør, men det betyr ikkje at isen til ei kvar tid er trygg. Kantane kan vera porøse på grunn av variasjonar i vasstanden, og utpå isen finst det ingen garantiar.

– Her er det ekstra farleg fordi det er kraftig straum under isen. Det betyr at dersom du dett gjennom vil du få problem med å koma opp att gjennom same holet. Då kan du bli trekt under isen og må håpa på å koma ut att lenger nede. Det er ingen god situasjon. Dette er ei skikkeleg felle, seier Golf.