Hopp til innhold

Kjempekveita blir middagsmat

Telefonen til Jon Arne Stokke (63) har knapt vore stille sidan han hala i land ei kjempekveite på rundt 150 kilo i går. No er fisken filetert og blir til middagsmat.

Jon Arne Stokke

MIDDAGSMAT: Kjempekveita er no blitt filetert og sjølv skal Jon Arne Stokke smake på den til middag i morgon.

Historia om det enorme beistet som beit på lina til fiskaren i Gloppen tysdag har gått Norge rundt det siste døgnet. Både NRK, Firda, Bergens Tidende, VG og til og med svenske Aftonbladet har fortalt om den veldige fangsten.

Sjølv om det ikkje er snakk om noko norgesrekord er det mange som let seg imponere av den 2.20 meter lange og rundt 150 kilo tunge kveita. Sjølv fekk den erfarne hobbyfiskaren nesten sjokk då han skjønte kva som hadde bite på lina hans.

– Det første eg tenkte var, kva i all verda skal eg gjere no? kunne den utmatta fiskaren fortelje til NRK.no i går kveld.

Og telefonane har ikkje late vente på seg. Både journalistar og andre har ringt i eitt sett.

– Den har på lag ikkje stått stille, seier Stokke onsdag kveld.

I går kveld var han ikkje heilt sikker på kva som skulle skje med fisken, men no ser det ut til at fisken blir middagsmat for ganske så mange.

– No har vi skjært den opp i fileter, og så blir den delt ut til dei som har lyst på, seier fiskaren.

– Eg har ikkje fryseplass til alt, så eg håpar at folk vil ha.

Berre hovudet og innvollane vog opp mot 60 kilo, og med ei totalvekt på rundt 150 kilo betyr det at det er mange kilo att med fiskekjøt. Stokke har enno ikkje fått smakt på fisken, men trur det er god matfisk.

– Den er lys og fin i kjøttet, så eg skal teste den i morgon, seier Stokke som vil servere fisken med poteter.