Hopp til innhold

Legg redningsskøyter i opplag

Redningsselskapet har vedteke å legge to redningsskøyter i opplag for å få budsjettet i balanse. Det er enno ikkje klart kva fartøy det gjeld.

Redingsskøyte

MÅ KUTTE I BEREDSKAPEN: To av Redningsskøytene til Redningsselskapet blir lagt i opplag neste år.

Foto: Ingar Sagedal Bie, NSSR / Scanpix

Til no i år har dei 42 redningsskøytene i Noreg utført 6006 oppdrag langs norskekysten. Det er i snitt 20 aksjonar per dag, men beredskapen kostar og sentralstyret til Redningsselskapet krev balanse i rekneskapen innan to år.

Dei tillitsvalde i selskapet vart informerte om vedtaket i går.

Skal spare 40 millionar

Kristin Sandnes

MÅ SPARE: Dagleg leiar i Redningsselskapet i Møre og Romsdal og Trøndelag, Kristin Sandnes, meiner sparekravet er tøft.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Redningsselskapet har 42 redningsskøyter. No er det altså bestemt at to av dei må i opplag neste år. Å drifte ei redningsskøyte i eitt år kostar nær ni millionar.

Selskapet skal spare opp mot 40 millionar kroner per år i to år i håp om å komme i balanse i 2014.

Dagleg leiar i Redningsselskapet i Møre og Romsdal og Trøndelag, Kristin Sandnes, seier kravet får konsekvensar.

– Vi må mest truleg snu kvar ein stein. Det mest prekære er vel kanskje at vi no har bestemt å ta to båtar ut i opplag, seier ho til NRK.

LES OGSÅ:

Redningsskøyta "Erik Bye"

KAN BLI KUTTA: Redningsskøyta Erik Bye kan bli lagt i opplag når Redningsselskapet no må spare pengar.

Foto: Redningsselskapet

Ikkje bestemt

Det er ikkje avgjort kva redningsskøyter som skal ut. Administrasjonen skal no avgjere kven av dei som skal i opplag, men Sandnes reknar med at dei seks største båtane er mest aktuelle. .

Avgjerda om å ta ut to båtar kom etter at Redningsselskapet fekk 30 millionar mindre over statsbudsjettet for 2012 som kom vart lagt fram 6. oktober. Forslaget til statsbudsjett inneber mest truleg ein kraftig reduksjon i inntektene til Redningsselskapet.

«Erik Bye» i Kristiansund og «Emmy Dyvi » med base i Ålesund og Fosnavåg er klart i faresona, trur Kristin Sandnes. Ho fryktar at Møre og Romsdal er i ein utsett posisjon.

Arnstein Nilssen

SVEKKA BEREDSKAP: Politimeister i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilssen fryktar for beredskapen om to av redningsskøytene forsvinn.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Vi har to store redningsskøyter med fire tilsette om bord. Desse gjer store og viktige oppdrag. Men eg er sikker på at om du stiller spørsmålet til resten av kysten, så er eg sikker på at dei kjenner seg like utsette, seier Sandnes til NRK.

– Beredskapen vert svekka

Bare tanken på at ei av desse skal forsvinna får politimeisteren i fylket til å reagera. Politimeister i Nordmøre og Romsdal, Arnstein Nilssen, seier redningsskøytene er av uvurderleg verdi for beredskapen.

– Vi har jo sjølvsagt Kystvakta og losskøyter, men redningsskøyta er ein viktig del av beredskapen. Ting skjer fort og me er avhengig av å skaffe ressursar fort, og viss den ressursen ikkje er tilgjengeleg, så er det klart beredskapen vert svekka, seier Nilssen til NRK.