Hopp til innhold

Her sperra vatn 20 elevar inne

Barna ved Nordbyen skole i Molde blei stengde inne i kjellaren ved skulen då store vassmengder strøymde inn og sperra dørene.

Nordbyen skole

Store mengder vatn rann inn i kjellaren på Nordbyen skole i Molde. 20 barn og 3 vaksne blei sperra inne då dei ikkje fekk opp dørene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det blei full utrykning til Nordbyen skole i Molde, då meldinga om flaumen kom inn til politiet tysdag formiddag. Skulebarna blei stengde inne i kjellar-avdelinga. Odd Einar Lillebø i Molde brannvesen seier det var dramatiske meldingar som kom inn til dei i formiddag.

Nordbyen skole

Brannvesenet kom raskt til staden. Dei fekk bort vatnet og fekk barna og dei vaksne velberga ut av skulekjellaren.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Brannfolk Nordbyen skole

Brannvesenet måtte bruke pumper for å fjerne vatnet.

Foto: Joachim Høyer / NRK
Hanna Kosberg Bredin og Robin Sandnes

Elevane Hanna Kosberg Bredin og Robin Sandnes fortel at det eigentleg gjekk svært greit sjølv om dei blei sperra inne av vatnet.

Foto: Joachim Høyer / NRK
Odd Einar Lillebø

Odd Einar Lillebø i Molde brannvesene seier det var dramatiske meldingar som kom inn til brannvesenet tysdag morgon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Nordbyen skole

Dei 20 elevane var samla i dette lokalet på Nordbyen skole. Utanfor døra sto vatnet ein meter høgt.

Foto: Joachim Høyer / NRK
– Vi høyrde berre at læraren vår ropte: «Kva er det som skjer»? Så såg vi at det sto ein meter med vatn utanfor døra. Vi fekk ikkje opp døra, og ein vaksen ringde forskjellige folk. Etter kvart kom brannvesenet, fortel elev Hanna Kosberg Bredin.

Vart de redde?

– Nei ikkje eg. Men dei minste begynte å skrike. Dei vaksne hjelpte dei små, så det blei eigentleg ikkje så mykje styr, fortel Hanna Kosberg Bredin.

Ekkelt å sjå vatnet stige

Det var tre vaksne saman med dei 20 barna. Barna, som er frå første til sjuande klasse, var samla til eit arrangement der det skulle fokuserast på positive opplevingar. Det positive i denne samanhengen var at alle fekk hjelp og alle kom seg velberga ut.

– Det var litt ekkelt å sjå at vatnet steig. Men vi tenkte at vi fekk knuse ei rute om det blei verkeleg gale. Dei største barna tok også godt vare på dei minste, fortel assistent Lisbeth Lien til NRK.

Dramatiske meldingar til brannvesenet

Brannvesenet kom raskt til staden. Då blei dei møtt av store mengder vatn som sto ein meter oppetter veggen. Vatnet sperra døra, og dei som var inne kom seg ikkje ut.

– Vi fekk melding om at store vassmengder stengde dørene. Ungane var sperra inne på grunn av alt vatnet, seier Lillebø.

Snø og is blokkerte avløpa

Mykje snø og is blokkerte avløpa i området ved skulen. Det regna mykje og store snømengder smelta. Dermed blei skulen liggande i ei slags grop der det samla seg mykje vatn.

– Isen blokkerte dreneringa. Bekkane og elvane fossa over, og det blei heilt kollosalt med vatn, seier Odd Einar Lillebø.

Fekk ut barna

Vatnet sto til langt opp på veggen. Det var 20 barn og 3 vaksne inne i lokalet. Folk frå brannvesenet kom seg inn og fekk både barna og dei vaksne ut frå kjellarlokala. Dei skal ikkje ha teke noko skade av å ha vore innesperra.

Vi konstaterte fort då vi kom at det ikkje var direkte fare for barna, sjølv om meldingane vi fekk var dramatiske. Vi fekk vasstanden ned ganske fort og kom oss inn til elevane. Dei er no i hovudetasjen på skulen, seier Lillebø.

Flaumvarsel

Tysdag formiddag sende NVE ut eit nytt flauvarsel for Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Frå natt til onsdag er det v enta stigande temperaturar og aukande nedfør utover dagen. Det er venta 50-100 millimeter nedbør fråHordaland nord for Hardangerfjorden til og med Møre og Romsdal onsdag.

Til samanlikning kom det enkelte stader mellom 100 - 150 millimeter nedbør måndag.

Bekkeløp kjem til å vere utsett for sørpeskred og det kan også kome lausmasser i desse skreda, heiter det i meldinga frå NVE.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL