Hopp til innhold

- Vi hadde ikkje heilt kontroll

Det var vatn over alt. Elvar og bekkar tok nye far. I dag arbeider mannskapa for å skaffe seg oversikt.

Flaum Molde

Vatnet fløymde over alt i Molde.

Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Steinar Sekkesæter i Molde kommune var ute og prøvde å avverge dei verste skadane i Molde i går. Det vart eit svært vanskeleg arbeid.

– Eg har ikkje sett så mykje vatn før i mine 25 år i Molde kommune. Vi hadde ikkje heilt kontroll i går. Det skjedde veldig mykje berre i løpet av ein time eller to. Det toppa seg og då flaut det over alt. Då var det ikkje noko nyggeleg å halde på med dette, seier Sekkesæter.

– Berre å halde seg heime

Frå store deler av Nordvestland kom det inn meldingar om stengde vegar og elvar og bekkar som tok nye far. Ei rekkje vegar var stengde. Folk sende også inn meldingar til Facebook-sida til NRK Møre og Romsdal.

– No er det berre å halde seg heime, skriv Torgerd Sandøy i ei melding til NRK.

– Vegen var stengd mellom Hellesylt og Stranda, så eg måtte reise via Volda for å rekke flyet til Trondheim, skriv Stig Tryggestad.

– Vegar er i ferd med å bli vaska vekk i Liadal, kjellarar har fått inn vatn, gardstun vert overfløymde, skriv Linda Halse Digernes.

Stordalselva fløymer over

Stordalselva i Stordal har gått over breiddene. På Ekre i Stordalen strøymer vatnet inn i kjellaren på eitt av husa. Det har vore mykje nedbør og det er mykje is i elva.

– Vi visste at noko slikt kunne skje. Men det har aldri før vore så mykje vatn her før. Vi held oss no i hovudetasjen i huset. I går prøvde vi å spa vekk snø slik at det skulle renne unna, men det hjelpte ikkje, seier Centine Brauns.