Hopp til innhold

Flaumproblem i Molde

Mykje nedbør, stor vassføring og høg flo har skapt flaumproblem i bygårdar i Molde.

Flom Molde
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Mange stader flaumer det over vegar.

Brannvesenet åtvarar også at mykje vatn kan vere ein fare for mindre barn.

Overbrannmester Idar Eidem seier dei har måtte ta i bruk pumper i sentrum av Molde.

- Dei største problema har vi no i sentrumsområda. Her kjem det vatn inn i kjellerane på ein del bygårdar, seier Eidem.

- Er det ein aukande problem sidan det held fram med å regne?

- Ja, det er nok litt aukande. men dte vi håpar på er at vatnet skal minke når floa går tilbake, seier Eidem.

- Det vi er litt uroa for er at det blir mykje vatn i grøfter og bekker slik at vi ber ungene om å halde seg unna desse, seier Eidem.