Hopp til innhold

Lovar hard kamp om kabel

Statnett la i dag fram planar om traseen til kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre. Aksjonistane på Hjørundfjorden var ikkje fornøgde.

Aksjon mot kraftlinje.
Foto: Remi Sagen / NRK

Sjå video frå demonstrasjonen:

Video Aksjon på Hjørundfjorden

Vil ha sjøkabel

Statnett skulle etter planen presentere endringane av kraftlinja på ei synfaring på Hjørundfjorden torsdag.

Men i siste liten endra dei planane, og pressekonferansen vart i Ålesund.

Årsak: stormvarsel.

– Det trur eg ingenting på. Dei var rett og slett redde for å møte oss, seier Roy Aarsnes i Folkeaksjonen mot luftspenn på Nordvestlandet.

Diskutér til slutt i artikkelen. Kva er best av sjøkabel eller luftspenn?

Ny "gammal" trasé

I staden for heilt nye trasear, som først foreslått, vil Statnett no leggje linja mellom Fardal og Ørskog i dagens trasé på Sunnmøre, men med nye og større master.

– Dette bidreg til at vi kan utnytte areala betre. Vi samlar inngrepa, brukar eksisterande trasé og eksisterande fjordkryssingar, seier konserndirektør i Statnett, Håkon Borgen.

Les Statnett si framstilling av saka her.

Ikkje fornøgde

Kabel i jord er altså fortsatt uaktuelt for Statnett, og det likar ikkje aksjonistane.

Roy Aarsnes.

Roy Aarsnes i Folkeaksjonen mot luftspenn er ikkje fornøgd med dagens nyheiter frå Statnett.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det einaste som vert godtatt er sjøkabel frå Austefjorden til Ørskog. Vi gir oss ikkje. Dette er berre starten. Heile Sunnmøre kjem til å reise seg mot denne kraftlinja, seier Roy Aarsnes til NRK.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL