Hopp til innhold

Pilot kritisk til ny kraftlinje

- Ei stor kraftlinje gjennom fylket med lange luftspenn vil gjere arbeidet til redningshelikopteret farlegare, seier Trond Egil Hilstan ved redningshelikopter-basen i Florø.

Fartøysjefen vil unngå luftspenn og heller legge kraftleidninga i kabel.

- Det er jo svært negativt med kraftlinja og vi kunne tent mykje på at det vart lagt kabel i havet.

- Eit mareritt

Dei mange store luftspenna over fjordar og dalbotnar i Sogn og Fjordane er eit mareritt for mannskapet på redningshelikopteret som sidan september har vore stasjonert på den nye basen i Florø.

Kvir seg

Kraftlinje Sogn - Sunnmøre

Slik er det planlagd at den nye kraftlinja skal gå

Foto: Statnett

Og flygar Trond Egil Hilstan seier rett ut at det vert mykje tryggare for dei dersom den planlagde, nye store kraftlina gjennom fylket vert lagt i kabel der det er planlagt nye luftspenn.

- Det er eit av dei største problema våre. Vi kan fly lågt i trange fjordar, men er det luftspenn som kryssar dalen så vegrar vi oss fælt viss vi ikkje ser luftspennet. Dersom det verkeleg er naud, så kan vi flyge under. Men også dette kvir vi oss til.

- Nøye vurdert

Prosjektleiar Magne Maurset i Statnett seier at luftfarten sin risiko med luftspenn er nøye vurdert ved planlegginga av den 420 kilovoltlina frå Fardal til Ørskog.

- Det eine er jo kvar vi trekkjer spenna, den andre er korleis vi merkar linjene.
Vi tek med oss luftfartstilsynet for å sjå på kva for spenn som må merkast og korleis det må gjerast.

- Men burde ikkje kraftlinja blitt lagt i kabel?

- Det kan ein gjere seie. Men det er mange omsyn skal takast, så det ikkje alltid så lett å tilfredsstille alle når det skal byggjast kraftforsyning.