Hopp til innhold

Vil ikkje ha sjøkabel

Kystverket synest debatten om sjøkablar er einsidig. Dei minner om at sjøfolket heller vil ha luftspenn.

Harald Tronstad er regiondirektør i Kystverket Midt-Norge
Foto: Janne Brit Aasen / NRK

I det siste har dei som kjemper mot kraftlinjer i luftspenn gjennom Hardanger og frå Sogn til Sunnmøre markert seg sterkt. Kystverket er usamde i at sjøkablar er lurt.

- Betre med luftspenn

Regiondirektør i Kystverket Midt-Norge, Harald Tronstad, minner om at dei som brukar sjøen ikke vil ha sjøkablar.

– Vi er skeptiske til å legge store sjøkablar. Det vil sannsynlegvis legge beslag på veldig mykje sjøareal, som kanskje kunne blitt brukt til andre ting, seier Harald Tronstad.

Negative

I ein høyringsuttale har Kystverket tidlegare vore negative til sjøkablar.

Dei meiner ulempene er større enn fordelane, og at vi må heller tole å sjå kraftliner i fjellheimen.

Tronstad innser dette er ein verdidebatt og likar egasjementet, men han meiner at debattantane må ta omsyn til det fakum at det ligg ein del kablar i sjøen allereie.

– Dei kablane som ligg der allereie, ligg som oftast på tvers, og om vi no skal legge kablar på langs, kan det bli eit nokså trasig nettverk liggande i sjøen etter kvart.

Ny debatt om sjøkablar

Han trur at om det blir sjøkabel på nokre strekningar, så vil nokon vere mot det også.

– Der det blir aktuelt med sjøkabel, vil det også bli problem. Sjøkabelen vil også bli i vegen for nokon. Det er nokon som får han i sitt nabolag uansett. Det vil synes og det vil ha ein effekt uansett kor det ligg, seier Harald Tronstad i Kystverket.