Hopp til innhold

- Pasientar må få svar

Den norske legeforening krev ein nasjonal sjukehusplan og kan kome til å ofre lokalsjukehus.

Kristiansund sykehus

Kristiansund sykehus er eit av dei lokale sjukehusa som går ei usikker framtid i møte.

Foto: NRK

Legeforeininga har spørsmålet oppe på eit helsepolitisk seminar i Molde i dag.

President Torunn Janbu klandrar styresmaktene for manglande styring av sjukehusa i dag.

- Det er ei mangelfull styring og organisering av sjukehusa nasjonalt.

- Korleis skaper dette uro?

- Når folk ikkje veit kva ein kan forvente å få på sjukehuset sitt, skaper det uro. Du veit ikkje om akuttenesta vert borte neste veke, du veit ikkje kva oppgåver dei ikkje lenger kjem til å gjere der, du veit ikkje heilt sikkert kor du då skal fare, det skaper manglande tillit og uro.

Helse Midt-Norge har foreslått å samle akuttkirurgien ved eitt sykehus i kvart helseføretak. I Møre og Romsdal kan det gå spesielt ut over sjukehuset i Volda og i Kristiansund.

Les:

Nasjonal sjukehusplan

Leigeforeininga stiller spørsmål ved helseføretaka si framtid, men kravet er først og fremst ein nasjonal sjukehusplan.

- Vi forslår at ein lagar ein nasjonal sjukehusplan, der ein definerer kva eit lokalsjukehus skal innehalde og kva ein skal kunne forvente å få på eit lokalsjukehus. Deretter ønskjer vi ein plan som seier kvar desse lokalsjukehusa skal ligge i landet. Ikkje minst er det viktig at ein må slutte å seie at ingen lokalsjukehus skal leggast ned. Det hindrar gode løysingar.

- Betyr det at legeforeininga er klar på at lokalsjukehusa kan måtte bli nedlagde?

- Nokon kan måtte bli nedlagde, eller at ein kanskje som eit alternativ skal ha ei interkommunal legevakt der, andre må opplagt bli rusta opp. Det viktige er at ein har ein plan slik at folk veit kvar sjukehusa er og kva dei kan tilby.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL