Under den 5. høyringa i Oslo i dag har fleire tilsette i Ulstein Verft forklart at ingenting var gale med designen av båten.
Emil Aall Dahle er ein av landets fremste ekspertar på stabilitet, og har tidlegare overfor NRK karakterisert Bourbon Dolphin som ein steinalderbåt.
Han seier onsdag til NRK Møre og Romsdal at sjølve forliset viser at designen ikkje var god nok. - Eg vil berømme Ulstein for at dei i det heile tatt la inn ein føresetnad om ankerhandtering i stabilitetsvurderingane, men det viser iallfall for meg at båten ikkje var rett konstruert for formålet. Bourbon Dolphin hadde ikkje reservestabilitet og har ikkje klart seg i dei vanskelege forholda han var utsett for då han forliste, seier Aall Dahle.