- Bakgrunn:
Det blei sendt ut melding om auka beredskapsnivå frå Kystverket til alle hamnevesen i Noreg. Eit ekstra tryggingsnivå inneber auka kontroll og vakthald.
Stranda hamnevesen i Geiranger var derimot åleine om å evakuere og gjennomsøke hamna.
– Vi valde å sperre av hamna og søke gjennom, får så å opne igjen, slår Rita Maraak fast.
Ho er hamnesjef i Stranda hamnevesen og har stått oppe i eit lite kaos i Geiranger i ettermiddag og kveld.
– Med så mykje folk i omløp, mange tusen, så vil det bli stopp i trafikken, seier ho til NRK.
– Utsett her
Politiet på Sunnmøre omtalte evakueringa og gjennomsøkinga av hamneområda i Geiranger som «uheldig». Hamnesjef Maraak meiner derimot det var naudsynt å vere ekstra forsiktig i samband med terrortruslane.
Maraak seier ho har møtt forståing blant dei som blei evakuert.
– Folk forstår det når vi seier at det er på grunn av den spesielle situasjonen i Noreg. Det er utsett her, med så mykje skip og folk i omløp, fortel hamnesjefen.
Saka held fram under bildet.
Trafikkaos
Ein konsekvens av evakueringa i Geiranger var derimot både kaos i trafikk og delvis blant folk. Bussjåfør Pål Arne Snerle køyrer turbuss for Jotunheimen Turbusser AS og stod lenge i kø.
– Vi køyrde frå Hellesylt til Geiranger (om lag 1,5 time køyretid) og såg trafikkaoset då vi stoppa ved Flydalsjuvet. Trafikken stod frå sentrum og til Grande camping. Vi møtte køen seinare ved Union hotell, så det var ei veldig lang kø, seier Snerle.
Bussjåføren fortel at det var stor undring blant dei køyrande som stod fast.
– Vi lurte jo på om det hadde skjedd noko. Vi ringde ned og fann ut at det rett og slett var for mange bilar og for lite veg.
Snerle fortel om kaos.
– Ja, det var litt kaos. For oss blei det store forseinkingar, nokre byrja å gå og det blei temperatur i bussen.
Evakueringa og det etterfølgjande kaoset i Geiranger var altså ein reaksjon på terrortruslane. Tryggingsnivået blir verande på nivå to, opplyser Rita Maraak.
– Det er tryggingsnivå to i heile Noreg og i norske hamner fram til søndag, opplyser hamnesjefen.
Saka held fram under bildet.
Ekstra trøbbel
I tillegg til køkaoset i samband med evakueringa, har ein buss no sett seg fast i Ørnesvingane ned mot Geiranger.
– Trafikken har stått så godt som stille i nesten ein time, opplyser NRK sin journalist på staden.
Bussen bomma i ein sving og blei ståande fast. Berre vanlege bilar kjem seg forbi, ikkje større bubilar, andre bussar og lastebilar.
Politiet dirigerer manuelt på staden.