NRK Meny
Normal

Geiranger blei evakuert og gjennomsøkt

Hamna i turistbygda Geiranger blei evakuert og gjennomsøkt etter at Kystverket heva sikringsnivået.

Geiranger

Her er tre cruiseskip i Geirangerfjorden på veg vekk frå turistbygda torsdag ettermiddag.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Det er ei problemstilling, og det har på ein uheldig måte fått resultat i Geiranger at hamna har blitt sperra, sa Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt klokka 16.20.

Stabssjef i Sunnmøre Politidistrikt, John Kåre Flo

Fungerande stabssjef i Sunnmøre politidistrikt, John Kåre Flo, fortel at auka beredskapsnivå skapte trøbbel.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Bilferjene frå Hellesylt og Valldal fekk lenge ikkje gå til kai i Geiranger, medan cruisetrafikken blei slusa gjennom.

– Vi jobbar med saka, men det er Kystverket som har hovudansvaret. Vi ser etter ei løysing, fortel Harang til NRK.

Klokka 16.35 opplyser fungerande stabssjef i politiet, John Kåre Flo, at hamna er opne igjen.

– Når Kystverket hevar beredskapsnivået til nivå to, så skal det gjennomførast ein kontroll av kaia. Når dei hadde fått gjennomført den, så kunne ferjene gå inn, seier Flo.

– Alt er etter prosedyre?

– Ja, det er prosedyre. Hamna måtte kontrollerast, og det tok tid, men alt er no tilbake til normalsituasjon der inne, slår Flo fast til NRK.

Hamna gjennomsøkt

Det var Kystverket som auka beredskapsnivået til nivå to i etterkant av terrortruslane mot Noreg.

Havnesjef i Geiranger Rita Berstad Maraak.

Hamnesjef i Stranda hamnevesen, Rita Maraak.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

I Geiranger blei sentrum tømt for folk.

– Det er truleg kaos gonger ti der. Ikkje minst på grunn av Kystverket. Der er mykje folk no – midt i beste ferietid, sa Harang i politiet.

– Det er nok ein konsekvens av terrortruslane, ja, fortel stabssjef Flo.

Hamnesjef i Stranda hamnevesen, Rita Maraak, kunne ikkje uttale seg til NRK like før klokka 16.00, men sa til Sunnmørsposten at hamneområdet blei tømt.

– Meldinga vi fekk innebar at vi tømde hamneområdet, gjennomsøkte det og melde frå til skipa. Vi har to politibetjentar her som har hjelpt oss med dette, seier Maraak til avisa.

Etter at hamneområdet blei gjennomsøkt – utan funn – fekk folk gå om bord i skipa igjen, får NRK opplyst.

Geiranger

Det var roleg i Geiranger like før hamna blei evakuert.

Foto: Lena Høyberg / NRK