Operasjonsleiar Korman Garshol melder til NRK at dei har trappa kraftig opp søket etter den 65 år gamle kvinna i Sunndalen.
Heilt sidan tidleg tysdag ettermiddag har fleire mannskap leita etter kvinna, utan å lukkast i søket. Tysdag kveld melder operasjonsleiar Korman Garshol til NRK at dei har henta inn fleire leitemannskap dei siste timane.
– Vi har fått inn ti nye frå Røde Kors, samt fem nye ekvipasjar frå Norske Redningshundar. Til saman er det kring 60 stykke som leiter, seier Garshol.
Held truleg fram i natt
Både Norsk Folkehjelp sine avdelingar på Nordmøre og i Nesset har kome til i løpet av ettermiddagen/kvelden.
Operasjonsleiaren fortel at dei held fram med søket til det vert mørkt, og at dei truleg vil halde fram utover natta dersom det vert naudsynt.
Mannskapa skal ha eit nytt møte kl. 22.00 der dei vil avgjere kva dei skal gjere vidare.
– No søkjer vi også breitt med både helikopter og fly, og desse gjev oss ei enorm rekkevidd i området Grøa. Vi må utnytte dagsljoset medan vi kan, seier Garshol.
– Mistenker de at noko kriminelt har skjedd?
– Vi gjennomfører søket primært som ein redningsaksjon, men det går ikkje an å berre låse seg til dette. Det går ikkje an å utelukke at noko kriminielt har skjedd, seier Garshol.
Dette er saka
Tysdag føremiddag melde Leif Bergem-Ohr i Nordmøre og Romsdal politidistrikt at det var familien til den 65 år gamle kvinna som på føremiddagen melde ho sakna.
– Ho vart sist observert natt til søndag, men sidan har dei ikkje hatt kontakt med henne, seier Bergem-Ohr.
Kvinna er busett på Grøa innanfor Sunndalsøra i Sunndal kommune. Søket er også konsentrert i dette området.
(Saka held frå under bildet)
Leiter etter sykkel
Då kvinna vart meldt sakna vart det også oppdaga at sykkelen hennar vart borte.
– Vi trur derfor at ho drog av garde søndag føremiddag på ein tur – anten til fots eller på sykkel. Førebels tek vi utgangspunkt i at ho var på sykkel for å kunne konsentrere leitinga betre, seier operasjonsleiaren.
– Ho er glad i å gå i tur. Derfor søkjer vi i aktuelle turområde der det er vanleg å dra på sykkeltur, legg han til.
Sykkelen vert ifølgje NTB skildra som ein raud damesykkel med korg på styret. Kvinna hadde truleg på seg ei svart trimjakke med blå felt på skuldrene.
Leiteaksjon
Røde Kors er allereie i gang med leiteaksjonen i samarbeid med innsatsleiaren på staden. Meir leitemannskap vil kome til etter kvart, seier Bergem-Ohr til NRK i 14-tida.
– Meir mannskap og politihund vil også bli med i søket om ikkje lenge, seier han.
Klokka 15.59 melder også Sivilforsvaret at FIG Sunndal vil bidra i søket etter kvinna.
NRK følgjer saka