Hopp til innhold

– Cupen er det me kan vinne i år

– Det ser ikkje ut som me kan vinne serien i år, seier Tornekrattet-leiar Oddmund Bjerkeset. Han håper på siger når Molde møter Byåsen til strid i andre runde i cupen i kveld.

Tornekrattet

SUPPORTEROPTIMISME: Tornekrattet-leiar Oddmund Bjerkeset håper på MFK-siger mot Byåsen i Trondheim torsdag kveld.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Oddmund Bjerkeset

OPTIMIST: Tornekrattet-leiar Oddmund Bjerkeset er optimist før Molde møter Byåsen i andre runde.

Foto: Ove Rødal

Med berre eitt poeng etter seks seriekampar er cupen eit lyspunkt for Molde. Ein seriestart som ikkje akkurat gir håp om seriegull for supportarane.

– Det treng ikkje bli stor siger, men det er viktig å gå vidare i cupen, seier Bjerkeset.

– Må ikkje undervurdere Byåsen

– Men me skal ikkje undervurdere lag sjølv om dei kjem frå 2. divisjon, meiner han.

Andre runde i cupen starta allereie onsdag, då 26 kampar vart spelte. Heile tre av eliteserieklubbane rauk ut av cupen då både Sandnes/Ulf , Sarpsborg 08 og Strømsgodset tapte sine kampar.

Torsdag kveld blir andre runde avslutta med seks kampar, og Molde besøker trønderhovudstaden.

Håper på tremålssiger

Supporterklubbleiaren meiner det er viktig at laget får med seg ei god kjensle frå cupkampen. Sidan kampen går på ein vanleg arbeidsdag for folk flest blir det ikkje like mange MFK-supportarar i Trondheim som det kunne vore, men Bjerkeset er likevel optimist.

– Eg trur me vinn med tre-fire mål, seier han.

– Eg får tippe 4-1, legg han til.

Molde slo ut Elnesvågen då fyrste runde vart spelt 17. april. Heile fem mål fekk dei regjerande seriemeistrane putta før dommaren bles av kampen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL