Hopp til innhold

Kinesisk storfilm, basert på dataspel, spelt inn på Sunnmøre

Eitt enormt kinesisk filmprosjekt, éi norsk møbelbedrift, det verdskjende dataspelet DotA og støtte frå dei kinesiske myndigheitene. Hels på filmprosjektet «Defense of the Ancients», premiere vinteren 2014.

Ong, Tang og Xu

Dataspelet «Defense of the Ancients», betre kjent som DotA, blir filmatisert i Kina. Delar av scenene blir spelt inn i Noreg, etter at prosjektet kom i kontakt med møbelprodusent Ekornes. Her ser ein Mikel Ong i Ekornes (t.v.), regissør Zimu Xu (t.h.) og produsent Roni Tang (bak) på Strandafjellet på Sunnmøre.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Det er altså ei kinesisk filmatisering av dataspelet «Defense of the Ancients» som no er i gong.

Denne veka blir både opningsscener og naturscener til den komande kinesiske fantasyfilmen innspelt i Noreg, på Sunnmøre.

Filmprosjektet, med over 100 involverte i Kina, er godkjent og sponsa av dei kinesiske myndigheitene.

Javel, ja ...

Møbel-sponsa og kommunistregime-klarert

Det heile høyrest absurd ut, og absolutt alle involverte i denne saka seier det same: «Uverkeleg», «absurd», «fantastisk».

Regissør og filmfotograf

Her er regissør for fantasyfilmen, Zimu Xu, saman med den norske filmfotografen Thomas Løkkeberg i Sykkylven.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Enkelt forklart er det ei kinesisk filmatisering av dataspelet «Defense of the Ancients», betre kjent som DotA, som no er i gong.

Spelet er gigantisk i Asia, samstundes som Kina og kinesiske myndigheiter vil ha fleire filmar laga av kinesiske filmskaparar.

Då fekk regissør Zimu Xu og producer Roni Tang prosjektet sitt klarert av det kinesiske kommunistregimet. For alle filmar treng klarering frå myndigheitene.

Dei to er relativt unge, med ei «gamer»-fortid frå universitetstida.

Den ekstra tvisten i denne saka er at filmprosjektet har blitt litt sponsa av den norske bedrifta Ekornes, mest kjent for Stressless-stolane.

Saka held fram under bildet.

Filminnspeling i Sykkylven

Her instruerer regissør Zimu Xu statistane frå Ekornes.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Heilt tilfeldig kom vi i kontakt med filmteamet

Den kontakta skjedde via Ekornes sin salssjef i Asia, Mikel Ong frå Singapore.

Mikel Ong

Mikel Ong, Ekornes sin salssjef i Asia, kom i kontakt med det kinesiske filmteamet gjennom kona som er skodespelarinne.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Kona til Ong er skodespelarinne, og ut av det blå blei det kontakt mellom møbelbedrifta frå Sykkylven og filmteamet.

– Heilt tilfeldig kom vi i kontakt med filmteamet som ville lage ein film om DotA. Eg forstod ikkje heilt kva dei prata om med ein gong, det må eg seie.

For godt vaksne Ong hadde ikkje høyrt om «Defense of the Ancients».

– Etter den første praten fann vi ut at det var ein god idé å reise til Noreg, og vi valde å hjelpe til litt. For vi spurte ein del rundt og det viste jo seg at DotA er heilt enormt populært i Asia.

Ifølgje både Ong og regissør er dette første gong ei kinesisk filminnspeling er i Norden.

Saka held fram under videoen.

Kinesiske filmskaparar er i Møre og Romsdal for å lage ein spelefilm basert på det verdskjende dataspelet Defence of the Ancients. Filmen kan kan nå ut til millionar av kinesarar, og det er første gong eit kinesisk filmteam lagar spelefilm i Norden.

Helten må flykte frå nord til Orienten

I går onsdag var det filminnspeling på Ekornes sin hovudbase i Sykkylven, samt på Strandafjellet og på Hellesylt.

Zimu Xu

Zimu Xu er regissør for den kinesiske filmatiseringa av dataspelet DotA. Her på Strandafjellet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Det er delar av opningsscenene og naturscener inne i filmen som blir filma her, fortel regissør Zimu Xu – kledd i stramme bukser, dongerijakke, hippe vintersko og mageveske.

– Historia byrjar med at helten må flykte frå slagmarka og ta seg frå Nordpolen og tilbake til Orienten ved Stillehavet. Der må han samle troppane for å få kjempa mot dei onde kreftene.

Og akkurat der kjem Noreg inn. Storslått natur, der helten skal klatre over fjell, fjordar og hav. Frå Ekornes-fabrikken skal statistar sjå helten kome flygande over himmelen.

Helten skal bli redigert inn med CGI i etterkant, fortel Xu.

Rune Håkonsen

Rune Håkonsen i Filmpolitiet har svært god greie på både kinesisk film og dataspelet DotA.

Foto: Cathrine Dillner Hagen / NRK

– Romantisk og tradisjonell

Spelet i seg sjølv, «Defence of the Ancients», er ein online-modifikasjon for det kjende spelet «Warcraft III».

– Spelet starta som eit fanbasert prosjekt der nokre gutar sat heime og ville lage eit meir arenaorientert kampspel, slik at folk kunne spele mot kvarandre på nettet, seier Rune Håkonsen i Filmpolitiet.

Den første versjonen kom ut i 2003 og har med tida blitt enormt populær. Modifikasjonen har seinare blitt sin eigen sjanger, der liknande spel har blitt gjeve ut.

– Det er store arenaer, med episke heltar som møtast for å slåst på slagmarka. Det er ei veldig romantisk og tradisjonell fantasyframstilling, fortel Håkonsen.

Større enn all langrenn

I Noreg er dataspel eit godt stykke frå å vere anerkjent som sport. Slik er det ikkje i Asia.

– Spesielt i Kina og Korea er DotA og liknande spel så stort at det er vanskeleg å sjå føre seg.

– Eg kan enkelt seie at miljøet rundt dette er fleire gonger større enn det internasjonale miljøet for langrenn for eksempel. Her pratar vi millionar på millionar av menneske som spelar kvar dag, deltek i turneringar og der dei største stjernene blir følgt som popstjerner, forklarer Håkonsen.

Både i Sør-Korea og Kina er det dedikerte TV-kanalar for e-sport, som det heiter, der kampar frå mellom anna DotA blir vist i hopetal.

– Med tanke på det er det ikkje overraskande at filmatiseringa av DotA no skal lagast i Kina.

Saka held fram under bildet.

Filmpolitiets redaksjon årskavalkade 2012

Rune Håkonsen, til høgre, er ein del av Filmpolitiet i NRK og på P3. Han synest heile historia er fantastisk.

Foto: Martin Aas / NRK

– Noko absurd over det heile

Han meiner scener frå Noreg vil passe perfekt.

– Vi er vane til denne eksotiske naturen, men det er mystisk og spennande i Kina. Det passar også godt inn i fiksjonsuniverset som spelet utartar seg i. Så eg skjønar kvifor dei vil til Noreg, men det er noko absurd over det heile.

For både Håkonsen og andre i Filmpolitiet har flira høgt, etter at dei høyrte om det kinesiske filmprosjektet. Sponsa av Ekornes, kjent for Stressless, med innspeling i Noreg.

– Eg flirer, for eg synest det er utruleg festleg. Dette er kuriosa, men eg forstår Ekornes som vil profilere seg i verdas største forbrukarmarknad.

– At dei valde å sponse ei filmatisering av eit dataspel er ein interessant taktikk. Eg er spent på kva utslag det får for dei, seier Håkonsen.

Ole Bjørn Roald

Marknadskonsulent i Ekornes, Ole Bjørn Roald, trur profileringa for bedrifta blir bra.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ei ny verd

Ole Bjørn Roald, marknadskonsulent i Ekornes, har følgt prosjektet sidan sponsinga kom i boks.

– Myndigheitene i Kina har vore med og sponsa denne filmen. Kina har vore overfløymt av kopiar frå vesten og vil no satse meir på eigenproduksjon, fortel han.

Både kinesisk film og dataspelet DotA var fullstendig ukjent for Roald.

– Etter kvart har eg forstått at dette er større enn vi sjølve forstod. Det er både spesielt og kjekt at vi har fått innspelinga hit. Det er utruleg artig å vere med på.

Blei nekta til Noreg for eitt år sidan

Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at kinesisk filmteam, sponsa av myndigheitene i Kina, er spesielt i Noreg.

– Dei prøvde å kome hit for første gong for eitt år sidan. Då blei dei nekta, fortel Roald til NRK.

– Det er litt lausare no, verkar det som. At regissør og producer får kome hit til Noreg ser eg som svært positivt. Også for oss som eksporterer til Kina.

Saka held fram under bildet.

Utsikt frå Strandafjellet

Slåande norsk natur, med utsikt frå Strandafjellet. Det er vel forståeleg at slikt passar i ein fantasyfilm?

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Roni Tang

Producer Roni Tang fortel at DotA er heilt sjukt populært, spesielt blant unge menn.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

DotA framfor kjæraste

For regissør Zimu Xu og producer Roni Tang har turen til Noreg vore fantastisk. Noreg er det første landet dei er i utanom Kina.

– Det er kjekt å vere så langt frå heime. Snøkledde fjell, sjøen, fjordane ... Alt er fantastisk for filmen og historia, seier Xu, ståande på toppen av Strandafjellet.

Panoramabilde av norsk natur er heilt perfekt, i ein film med eit brennheitt tema.

– Temaet, DotA, er heilt enormt i Kina og Asia. Vi har aldri toucha temaet før i Kina, så at prosjektet blei klarert er heilt fantastisk. «Breaking new ground», nikkar Xu.

– Spelet er så stort at unge gutar heller vil spele DotA enn å ha kjæraste, flirer producer Tang.

Ong, Tang og Xu

Mikel Ong, Roni Tang og Zimu Xu på Strandafjellet på Sunnmøre.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Vil sjokkere

Regissøren fortel at bakgrunnshistorie og karakterar frå spelet skal respekterast til fulle. Både Xu og Tang har god kjennskap til spelet.

Scenene frå Noreg i filmen kjem til å gå over mange minutt.

– Eg vil vise den norske naturen og sjølve Noreg til det kinesiske publikum. Svært få veit korleis landet eigentleg ser ut og landskapet vil sjokkere dei, seier Xu.

Filmen skal kome på både engelsk og kinesisk, og har premiere vinteren/våren 2014.

– Vi spelar inn del éin no. Det skal bli stort i Kina og del to skal bli enda større.

– Temaet er enormt og vi har eit ganske stort budsjett. Responsen frå folk så langt har vore fantastisk. Folk synest vi er galne som lagar film med eit tema frå Vesten, seier Xu.

Om forholdet mellom Kina og Noreg, og det faktum at dei ikkje fekk reise til Noreg i fjor, er regissøren positiv.

– Forholdet er langt betre no enn for eitt år sidan. Det var langt enklare å få reise til Noreg i år, slår Xu fast.

Saka held fram under bildet.

Filmteam på Strandafjellet

Her er heile filmteamet på toppen av Strandafjellet. Berre regissør og producer fekk lov til å reise frå Kina til Noreg. Derfor måtte dei leige inn norsk filmfotograf og filmteam.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Kinesisk film på veg opp

For kinesisk film er prosjektet stort, og billettsalet på kinoane har dobla seg kvart år dei siste åra, seier Xu og Tang.

– Eg har sett mykje kinesisk film og reist lange periodar i Kina. Eg ser dette som ei naturleg utvikling av den enorme interessa for populærkultur i Kina, seier Håkonsen i Filmpolitiet.

Rune Håkonsen - Filmpolitiet

Rune Håkonsen ser med spente auge på kinesisk film i åra som kjem.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

– Det er utan tvil spennande å følgje den kinesiske filmmarknaden. Om nokre år kan det vere ein reell konkurrent til både Bollywood og Hollywood.

Men Chollywood (ja, dette fann journalisten på i farta) er framleis i startgropa.

– Den private delen av filmproduksjon er veldig fersk. Det har vore fullstendig statsstyrt i mange år, men dei siste åra har restriksjonane blitt letta på.

– Vi får no ei bølgje av kreative og engasjerte kinesiske filmskaparar.

Vil bli første kinesiske film i Noreg

Regissør Xu og producer Tang er heilt klare på at dei vil ha filmen på kinoar utanfor Kina. Det trur Håkonsen kan bli ei tøff oppgåve.

Kinesisk filminnspelin

Zimu Xu (med ryggen til) og producer Roni Tang (t.v.) håper å få filmen til Noreg i 2014.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg trur det skal halde hardt om vi får sjå denne filmen som ein del av det vanlege kinoprogrammet i Noreg. Det spørst om norske eller internasjonale distributørar plukkar den opp.

– Men kanskje vi kan få ei festpremiere her i Noreg. Om det blir tilfelle skal i alle fall eg vere til stades, seier film- og dataspeleksperten.

– Eg sit med følelsen av at du skal sjå filmen uansett?

– Det vil eg nok, ja, avsluttar Håkonsen.

Kva tenkjer du om det kinesiske filmprosjektet, med delvis innspeling på Sunnmøre? Sei meininga di i kommentarfeltet nedst.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL