Det er i magasinet National Geographic Traveler at Ålesund får uhemma skryt.
«Architechtural Archipelago» er tittelen magasinet brukar om Ålesund. Ei arkitektonisk øygruppe, der gammalt møter nytt.
«Fjordar og fjell. Ålesund kunne vore bakteppet for eit nordisk eventyr – med ein moderne tvist.», skriv magasinet.
– Vi er i svært fint selskap
Superlativa er mange, i eit magasin som er eitt av verdas mest leste.
– Oi. Dette er sjølvsagt utruleg kjekt. Dei omtalar jo Ålesund som om det skulle vore vår eiga marknadsføring av byen og området!
Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre jobbar hardt for å få turistane til Ålesund. Å bli kåra til éi av Europa sine flottaste hamneperler er stort for byen, meiner han.
Ålesund i Noreg deler reportasjen med Tallin i Estland, Zadar i Kroatia, Gdansk i Polen, Ajaccio på Korsika i Frankrike og Valletta, hovudstaden på Malta.
– Dette er jo kjempeplassar, og flotte destinasjonar! Vi er i svært fint selskap, forstår eg. Dette er utruleg stas, synest Vik.
Saka held fram under bildet.
Framhevar jugendstilen
Magasinet Travlerer kjem ut med åtte utgåver i året. Det er i februar/mars-utgåva at Ålesund får fyldig dekning.
«Henslengt på ei samling av røffe øyar, med fjell i alle retningar. Ålesund er eit perfekt eksempel på ei skandinavisk hamn. Men byen sin uvanlege konsentrasjon av Jugendstil, bygd etter ein øydeleggjande brann i 1904, gjer det til ein essensiell destinasjon.»
National Geographic si reportasje dekorerer heile framsida: «Dei beste små hamnene i Europa: Seks vekkgøymde hamner du kan kalle di eiga».
I Ålesund er det jugendstilen som verkeleg blir trekt fram.
Jugendstilsenteret blir omtalt som eitt av dei klare høgdepunkta. Men den distinktive arkitekturen, og brusteinsvegane, generelt får mange spalter.
Tek med det folkelege
Men jugendstil i ein reiselivsreportasje om Ålesund seier vel kanskje seg sjølv? Det kan ein skrive utan å ha vore nær byen.
Ei oppleving med svele med brunost på ferja, bacalaomiddag eller ananasbrus frå Oskar Sylte (som eigentleg er frå Molde) får ein derimot ikkje med seg gjennom bilde.
– Dei har vore på besøk her og opplevd byen, utan tvil. Dei har sett med eigne auge kva Ålesund har å tilby, seier Geir Steinar Vik.
Men magasinet framhevar også Matfestivalen, båtlivet og ikkje minst utsikta frå Fjellstua og forskjellige fjell.
«418 trappetrinn til toppen av det lokale fjellet Aksla, for ei fantastiske utsikt over byen, fjordane og Sunnmørsalpane.»
I tillegg blir det nemnt at slik utsikt er gratis i Ålesund, i elles dyre Noreg.
Saka held fram under bildet.
– Mange, mange millionar kroner
For Vik i reiselivsnæringa er omtalen ein perfekt start på 2013.
– Å bli omtalt på denne måten, i eit så stort og seriøst medium ... I tillegg er ein i så celebert selskap. Vi håper slikt gjer at mange fleire får auga opp for den fantastiske byen som Ålesund er, seier han til NRK.no.
Kor viktig slik omtale er økonomisk tør han nesten ikkje tenkje på.
– Slik omtale er nærmast ubeskriveleg, startar Vik.
– Men ein slik artikkel, i eit så stort magasin ... I kronebeløp vil det nok sikkert bety mange, mange millionar kroner. Det er reklame ein aldri kunne kjøpt seg til.
Alnes fyr, kyst og ro
Men det er ikkje berre Ålesund som får skryt. Også stadar rundt, spesielt Alnes fyr, får omtale.
«Den vakre fiskelandsbyen Alnes, på øya Godøya (ein kjapp båt- eller busstur frå Ålesund) er heimen til eit landemerke. Oppe i fyret får ein fantastisk utsikt over kystnaturen.», skriv magasinet.
Dei viser til 62 grader nord, og avsluttar med å skrive at i alt 120 cruise tek turen innom Ålesund.
– Godøya, fyret og stilla. Det er annleis her, og det prøver vi å marknadsføre Ålesund og heile Sunnmøre med, fortel Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
– National Geographic omtalar oss akkurat slik vi vil bli omtalt. Vi kallar oss sjølve for «a hidden pearl», for vi er ein litt uoppdaga stad. No er vi spente på årets sesong, og gladmeldingar som denne omtalen skaper motivasjon for reiselivet i regionen, avsluttar ein oppglødd reiselivssjef.