Hopp til innhold

NRK ankar video-nekt i legevaktsaka

NRK ankar til lagmannsretten for å få utlevert videoen som viser korleis Erik Are Stedt blei kvelt til døde under eit basketak med politi og ein ambulansesjåfør på Oslo legevakt i 2012.

Oslo kommunale legevakt og Erik Are Stedt (innfelt)

Erik Are Stedt døydde under ei pågriping inne på legevakten i Oslo sentrum 29. november i 2012. Han var psykisk sjuk og hadde ikkje eit kriminelt rulleblad.

Foto: NTB scanpix / privat

Politiet har forklart at dei blei angripne av Stedt, men vitne har forklart ein annan versjon - at han berre prøvde å koma seg vekk. Riksadvokaten meiner at ingen av dei involverte gjorde noko straffbart og har lagt vekk saka.

NRK har bede om innsyn i overvakingsvideoen for å få på det reine kva som skjedde, men både Spesialeininga for politisaker, Riksadvokaten og Oslo tingrett har avslått.

No ankar NRK avgjerda inn for Borgarting lagmannsrett.

– Når samfunnsmedlemmer døyr i samband med ei pågriping, er det ei sak av allmenn interesse. Forklaringane om sjølve hendinga var sprikande. NRK ønskjer å få ut fakta om kva som eigentleg skjedde, og har difor valt å gå rettens veg for å få videoen, seier reportasjeredaktør i NRK, Alexandra Beverfjord.

Ikkje kriminell

Erik Are Stedt (35) hadde diagnosen paranoid schizofren. Den 29. november 2012 følte han seg forfølgt og redd og blei teken med til legevakta etter å sjølv ha oppsøkt politiet.

Under ventinga på legevakta oppstår eit basketak med to politibetjentar. Ein ambulansesjåfør grip inn, og tek eit halsgrep på Stedt. 35-åringen døyr på staden av kveling, ifølgje påtalevedtaket som NRK har fått tilgang til.

Stedt hadde ikkje våpen på seg, var aldri tidlegare straffa og var heller ikkje rusa.

(..) det synes å være strid om faktum, herunder om den avdøde kun forsøkte å komme seg unna fordi han var redd/psykotisk, eller om han angrep politiet. Flere vitner synes å forklare seg slik at det ikke forelå noen nødvergesituasjon. Videoen inneholder unik informasjon om hva som skjedde (..)

Utdrag frå avgjerd i Oslo tingrett

– I kjernen av samfunnsoppdraget

Erik Stedt og Vivi Stedt

Foreldra til Erik Are Stedt, Erik og Vivi Stedt, ønskjer at media skal få innsyn og har gitt sitt skriftlege samtykke til påtalemakta.

Foto: Simon Solheim / NRK

NRK meiner tingretten tek feil når den konkluderer med at det å nekta media tilgang til overvakingsvideoen frå legevakta ikkje er eit inngrep i ytrings- og informasjonsfridomen.

– Dette er ei svært alvorleg sak som også er heilt i kjernen av samfunnsoppdraget. Me som presse skal ha ei kontrollerande rolle og beskytta enkeltpersonar og grupper mot overgrep frå offentleg styresmakter, seier reportasjeredaktøren i NRK.

Saka er også prinsipielt viktig, ifølgje Beverfjord.

– Det handlar om kva slag makt myndigheitspersonar kan bruka i pågripingssituasjonar, og om media sitt høve til å få innsyn i straffesaksdokument.

Redaktørforeininga støttar anke

Arne Jensen, ass.gen.sekr. Norsk Redaktørforening

Norsk Redaktørforeining støttar NRK sin anke til lagmannsretten for å få ut overvakingsvideoen, seier generalsekretær Arne Jensen.

Foto: Norsk Redaktørforening

Spørsmålet om publisering av videoen vil først bli avgjort etter at NRK har sett opptaket og gjort ei redaksjonell vurdering.

Spesialeininga for politisaker står likevel fast ved at media ikkje bør få innsyn.

– Me meiner utifrå gjeldande reglement i politiregisterforskrifta at det ikkje er grunnlag for å gje media innsyn. Det er opplysingar av personsensitivt innhald i videoen og det er andre personar enn dei etterlatne i saka som me må ta omsyn til, seier juridisk rådgjevar i Spesialeininga Camilla Lie.

Tingretten sitt syn er at behovet for å verna straffesaksdokument mot publisering veg tyngre enn omsynet til den allmenne samfunnsinteressa i denne saka, fordi det dødelege halsgrepet blei teke av ein tilfeldig ambulansesjåfør og ikkje av politiet.

– Her meiner me at retten trør feil. Me kan ikkje veta om dette var tilfellet før me har fått sett videoen sjølve, seier generalsekretær i Norsk redaktørforeining (NR), Arne Jensen.

Redaktørforeininga gir med det full støtte til NRK sin anke.

– Det er svært viktig at denne saka blir prøvd for retten. Me meiner at dette er ei alvorleg sak i seg sjølv, i tillegg til at den har eit prinsipielt aspekt og kan skapa presedens i seinare saker, seier generalsekretær Arne Jensen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger