Hopp til innhold

– Kan snappe opp mykje sensitiv informasjon

– Kven som helst med teknisk innsikt kan kjøpe spionutstyr og sette det opp i Oslo sentrum, seier teknologiekspert Anders Brenna. Han meiner framande makter, næringslivet og media kan vere interesserte i avlyttingsinformasjon.

Montasje Overvåking

Aftenpostens avsløringar viser bruk av mobilovervåkingutstyr ved Stortinget (øvst til venstre), statsminister Erna Solberg sitt kontor, Statsministerbustaden og Slottet.

Foto: NRK/Scanpix

Anders Brenna

– Kven som helst kan sette opp slikt utstyr, seier teknologievangelist Anders Brenna. Han håper norske politikarar no har lært ei lekse om overvaking.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

I går avslørte Aftenposten at fleire falske basestasjonar (sjå faktaboks) er plasserte ved Stortinget, statsministerbustaden og fleire regjeringskontor. Teknologievangelist ved Knowit, Anders Brenna, er ikkje overraska.

– Kven som helst kan gjere dette

– Nei, eg er sjeldan overraska når det gjeld overvaking. Men eg kjenner at eg vert like skuffa kvar gong. Eg er mest skuffa over kor naiv ein kan vere, og at ein kan tenkje at dette ikkje skjer i Noreg, seier Brenna.

Han meiner kven som helst, med den rette kompetansen, kan gjennomføre avlyttinga. Utstyret kan kjøpast over nettet, men det er berre PST og politiet som lovleg kan sette opp falske basestasjonar.

Mykje sensitiv informasjon kan bli henta ut ved bruk av slik utstyr, meiner Brenna.

– Ein kan, i teorien, sette opp ein basestasjon kor ein sjølv kan sitte og lytte til samtalen, og få informasjon om kven som har vore i nærleiken av den basestasjonen, og det kan jo vere interessant for mange, seier Brenna.

– Journalistar og børsspekulantar

Og det er ikkje grenser for kven som kan vere interesserte av informasjon om norske politikarar sine samtaler, meiner teknologieksperten.

– Det kan vere framande makter som lurer på kva slags politikk som vert utarbeida, det kan vere folk som vil finne ut kven som er for eller mot ei sak, det kan vere aktørar i næringslivet som vil vite kva rammevilkår som næringslivet kjem til å få. Mykje informasjon som stortingspolitikarar diskuterer kan også vere særs børssensitivt, og det å vite på førehand kva eit nytt lovforslag gjer, vil kunne gi deg store vinstar på børsen, meiner Brenna.

Han meiner også at journalistar kan ville vite kven som snakkar med kven, og at Noregs forhandlingspartnarar kan vere interesserte i informasjon om kor langt Noreg er villig til å strekke seg i forhandlingar

– I den augneblinken ein kan snappe opp viktige mobilsamtaler, så er det mykje informasjon ein kan sitte på, meiner Brenna.

Se også NRKs ekstra sikre tipskanal

– Håpar politikarane har lært

– Kor alvorleg vil du seie at dette er?

Det er sjølvsagt kjempealvorleg at politikarane våre vert overvaka. Det kan ikkje underslås. Sjølv om ein tek forholdsreglar i bruken av mobiltelefon, så tenker ein likevel at det ikkje er så farleg, og snakkar om sensitive opplysingar. Og om nokon samlar inn nok informasjon, så vil dei etter kvart kunne danne seg eit mønster og få informasjon som dei kan bruke.

Anders Brenna er leiar av Stopp Datalagringsdirektivet. Datalagringsdirektivet vart i haust lagt på is etter at det først vart erklært ugyldig av ein EU-domstol. Men både Ap og Høgre har vore positive til det omstridde direktivet, og no håper Brenna at norske politikarar har lært ei lekse.

– Kanskje det kan kome noko positivt ut av dette og kor alvorleg det er. No får politikarane merka korleis det er å bli overvaka og får sin informasjon avslørt. Kanskje dei kan tenke litt over det neste gong dei seier ja til å banke gjennom eit lovforslag om overvaking av heile befolkninga, seier Brenna.

Fan av Snowden

Han meiner Aftenposten sine avsløringar er eit godt døme på kvifor han er fan av Edward Snowden, som har avslørt massiv amerikansk overvaking.

– Han har avslørt denne type verksemd rundt om i verda, og det er viktig for samfunnet at me får augo opp for dette.

– Er nordmenn litt naive når det kjem til overvaking?

– Folk flest er naive. Det ligg i vår natur å vere godtruande og tenke at det ikkje er så farleg. Men me legge frå oss den utruleg skremmande haldninga me har, og slutte å seie at me ikkje har noko å skjule. Men samstundes er eg oppteken av at me ikkje må bli for paranoide heller, seier Brenna.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger