Hopp til innhold

Politiet: – No er det ille

Svært mange vogntog står fast på vinterføret. Fleire vegar er stengte og politiet slit med å finne nok bergingsbilar til få rydda opp i kaoset.

Strandafjellet

Fleire vogntog stod fast på Strandafjellet på Sunnmøre i kveld.

Foto: Robert Kvam

Vinterføret i dag kom overraskande for mange av lastebilsjåførane i landet. Lista over vogntog som har køyrt seg fast vert stadig lengre. Politiet seier det er fullstendig kaos:

– Det er ille. Vi har ein riksveg og vi har ein europaveg som er sperra. Ja, det er ille... Det seier Thorry Aakernes i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Tysdag kveld klokka 18.46 kom meldinga om at heile ti vogntog stod fast på E39 ved Valsøya på Nordmøre. Først klokka 21.45 kom bergingsbil til staden fordi han vart forseinka av eit anna vogntog som stod i vegen.

Laster Twitter-innhold

– Bergingsbilar er på veg, men eg spent på kva dei kan utrette, sa operasjonsleiaren tidlegare i kveld.

– Det krevst tungt køyretøy for å berge vogntoga og vi har ikkje så mange av dei, legg han til.

Er du i området eller har bilde? Tips oss gjerne på 70 11 52 00 eller mr@nrk.no!

Vår leser Robert Kvam har sendt oss denne videoen fra en kjøretur på det glatte føret.

Her er det kaos på vegen. Robert Kvam har sendt oss denne videoen.

Kaos på Nordmøre

Bergingsbilar har vore ute på andre aksjonar på Nordmøre.

På riksveg 70 i Snøvasmelan i Sunndal på Nordmøre sperra tre trailerar vegen. Det var ikkje mogleg å kome forbi.

Også på Nordmøre, mellom Halsa og Hennset på E39, stod tre vogntog fast. Eitt stod fast ved Betna, eitt ved Liabø og eitt ved Utsikten. Det er mogleg å kome seg forbi.

På Vinjeøra, som ligg i fylkesgrensa mot Sør-Trøndelag, stod 5–6 vogntog fast og 20-tals bilar i kø. Det er temmeleg glatt i området.

Laster Twitter-innhold

Ille på Sunnmøre

Kl. 19.30: Vegen mellom Liabygda og Stordal er stengt på grunn av vogntog som sperrar vegen. Det er ikkje fleire bergingsbilar å opppdrive.

Litt før klokka 18 vart det meldt at fleire vogntog stod fast på Fv 60 på Strandafjellet på Sunnmøre. Ifølgje Geir Andersen i Møre bilberging vart dei siste lastebilane fjerna i 19-tida.

E39 er stengt i periodar sør for Straumshamn i Volda på grunn av berging av eitt vogntog som har køyrt av vegen. Trafikken vil bli sluppe forbi i puljar når det er moglegheit og behov, opplysar Statens vegvesen.

  • For oppdaterte trafikkmeldingar i Møre og Romsdal, følg med på NRK Trafikk

Artikkelen held fram under bildet.

Bilberging på Strandafjellet

Møre bilberging har ein travel kveld. I 20-tida hadde dei allereie berga seks vogntog.

Foto: Robert Kvam

Andre stader langs kysten

I Nordland meldte politiet om eit skikkeleg kaos etter at to vogntog køyrde av E6 ved Majavatn på Helgeland. Opptil 70 vogntog stod i kø på vegen.

Også i Sogn og Fjordane slit vogntoga. Til trass at brøytebilen har brukt 20 tonn med sand og salt på strekninga, kjem dei seg likevel ikkje opp Strynefjellet.

– For dårleg skodd

Aakernes seier lastebilsjåførane er dårleg førebudd på vinteren.

– Dei vel å køyre utan kjettingar så lenge så mogleg, så overvurderer dei å køyre med det dei har. Dei er for dårleg skodd, seier operasjonsleiaren.

Han ber folk sjekke trafikkmeldingane og tenkje seg to gonger før dei legg ut på køyretur på dei ramma vegane.

– Vi prøver no å halde folk orienterte om kor det er proppar i system, og om ein ikkje har god tid bør ein nok heller finne andre vegar å køyre.