Hopp til innhold

Vil miste éin tredjedel av spesialsjukepleiarane

Sjukehusa i Møre og Romsdal har store problem med å rekruttere spesialsjukepleiarar, samstundes går fleire av med pensjon. No kjem helseføretaket med nye tiltak.

Spesialsjukepleiarar

VIL IKKJE GÅ AV: Spesialsjukepleiar Annbjørg Flisnes fyller snart 60, medan kollega Bergit Vassbø er over 60 år. – Vi trivast veldig godt i jobben vår og vil ikkje gå av i pensjon no.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Spesialsjukepleiarane i Møre og Romsdal er dei eldste i landet. Ein fersk rapport frå Norsk Sykepleierforbund viser at gjennomsnittsalderen er på 49 år.

På operasjonsavdelinga ved Ålesund sjukehus vil så mange som éin tredjedel av spesialsjukepleiarane gå av i pensjon i løpet av to år.

– Vi har berre 10 tilsette som er under 50 år og det er urovekkande. Det er skrikande behov over heile landet, så det er ikkje så mange å hente inn heller, seier seksjonsleiar for operasjon, Annbjørg Flisnes.

Seksjonen for anestesi i Ålesund har over lengre tid utlyst to stillingar utan søkarar.

– No er vi avhengige av å rekruttere frå eigne rekker, slik at studentane vil bli i Ålesund etter endt utdanning, seier ass.seksjonsleiar ved anestesi, Bergit Vassbø.

Etterlengta tiltak

Universitetet i Ålesund har utdanna spesialsjukepleiarar på karaktergrunnlag frå heile landet. Desse har returnert til sine byar, medan få har søkt jobb i Ålesund etter avsluttande praksisperiode.

No har helseføretaket avsett 10 millionar kroner i år, og 16 millionar dei to neste åra for å imøtekome det veksande problemet.

– På landsbasis dekker dei fleste helseføretaka denne type utdanning, men i Møre og Romsdal vart den valt vekk. Det var på tide at dei no sett av midlar, for dette har blitt eit stort problem, seier fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet, Kaspara Nesseth Tørlen.

Møre og Romsdal NSF

SIKKER JOBB OG SIKKER UTDANNING: Vi treng hyppigare rekruttering og håper at arbeidsgivarane tenker på dei som er unge. Med utdanning innan desse felta er ein sikra jobb til pensjonsalder, seier Kaspara Nesseth Tørlen, Charles Austnes og hovedtillitsvalgt ved Ålesund Sjukehus, Marianne Nydal.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Pengane skal nyttast til å vidareutdanne sjukepleiarar ved fylket sine fire sjukehus.

Dette er vel ikkje nok til å løyse problemet?

– Det er langt ifrå nok til å dekke mangelen på kompetanse som vil kome i same periode. Dei må truleg halde fram med dette kontinuerleg i mange år, og heller få ein buffer enn å vere i bakkant, seier Charles Austnes, ansattrepresentant i Sjukepleiarforbundet.

Må tenke seniorpolitikk

Pensjonsalder for sjukepleiarar er 65 år, men éin av tre seier at dei vil gå av med pensjon allereie ved 62 år.

Arill Hevrøy

Vi må tenke seniorpolitikk og sikre at ikkje viktig kompetanse reiser med dei eldre, seier tillitsvalgt for anestesisjukepleiarane, Arill Hevrøy.

Foto: Privat

– Vi må kome med tiltak slik at folk vil jobbe lenger. Det er ein hektisk jobb, så vi ser etter moglegheiter for å trappe ned på tempoet dei siste arbeidsåra, seier Arill Hevrøy.

Seniorane sit på mykje kompetanse som ein nyutdanna ikkje kan erstatte umiddelbart. Sjukehuset i Ålesund har ikkje råd til å miste fleire tilsette no.

– Konsekvensen vert at ein må redusere tilbodet, for ein kan ikkje gå på akkord med kvaliteten. Til no har vi sloppe det, nettopp fordi folk har valt å gå lenger enn til 62 år, seier Flisnes.

Anestesisjukepleiar, Bergit Vassbø er blant dei eldste på jobben.

– Eg trivast veldig godt og vil halde fram så lenge helsa er god.