Hopp til innhold

Vil ikkje overprøve hyttefelt i Stranda

Eit stort hyttefelt på Strandafjellet kan øydelegge moglegheitene for skikøyring i skogen. Fylkesutvalet meiner lokaldemokratiet i Stranda veit best og vil ikkje protestere.

Skitriksing på Strandafjellet

Det er planlagt eit hyttefelt i nærleiken av Strandafjellet skisenter. Fylkesutvalet vil ikkje overprøve Stranda kommune.

Foto: Frode Berg / NRK

Strandafjellet er kjent for å ha landets beste offpiste køyring og no kan ein del av området som vert brukt til skogskøyring i staden bli fullt av hytter. I 2011 starta arbeidet med ein privat reguleringsplan for hyttefeltet Lien hyttegrend, der det er tenkt inntil 100 hytter og 25 leilegheiter. Fylkesrådmannen meiner at lokaliseringa av hyttefeltet er problematisk, fordi eit område med sørvendt og trygg skogskøyring vil gå tapt.

Ingen overkommune

Gunn Berit Gjerde og Frank Sve

Gunn Berit Gjerde (V) og Frank Sve (Frp) er usamde. Gjerde meiner at løysinga kunne blitt betre dersom fylkeskommunen kom med sine innvendingar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tysdag skulle fylkesutvalet seie sitt om saka. Fleirtalet meiner det er politikarane i Stranda som veit best og må avgjere om hyttefeltet er det beste for kommunen og skidestinasjonen Strandafjellet. Dermed vil dei ikkje reise motsegn.

– Når Stranda kommune, grunneigarar og andre aktørar er samde om at det kan byggast der, kan ikkje fylkeskommunen operere som ein overkommune, seier strandapolitikeren og fylkespolitikaren Frank Sve (Frp).

Han meiner at Stranda både må byggje ut hytteområda og ta vare på skidestinasjonen.

Vil ha betre løysing

Venstres Gunn Berit Gjerde er samd i at fylkeskommunen ikkje skal vere ein overkommune. Ho seier at ein likevel har eit ansvar for å ta vare på friluftsinteressene og meiner at gjennom å varsle motsegn kan ein få til ei betre løysing.

– Eg er ikkje imot utbygging eller utnytting av skianlegget. Eg trur ei motsegn hadde skapt eit betre vedtak, seier Gjerde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL