Hopp til innhold

Troppa opp på Stortinget for å få innpass i samferdslespørsmål

– Vi ser samferdsleutfordringane på ein annan måte, og det er vi som bruker kollektivtrafikken. Då burde vi få uttale oss, seier Åse Kristin Ask Bakke, leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Ungdom på Stortinget

Desse seks møtte stortingspolitikarane for å få meir innverknad i samferdslespørsmål for barn og ungdom. Framme frå vesntre: Kristian Torve, Åse Kristin Ask Bakke, Hilje Jåma. Bak frå venstre: Linus Aume, Ingrid Krogstad, Asgeir Stavik Hustad.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Sju konkrete punkt om korleis politikarane skal få barn og unge inn i samferdslepolitikken. Det har ungdom i verv frå Midt-Noreg utforma – og levert til stortingspolitikarane.

Ungdomspanelet (UP) i Møre og Romsdal, Ungdommens fylkesutval (UFU) i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag barne- og ungdomsråd (NTBUR) har nemleg gått saman for å få innverknad.

Åpne døra for ungdom!

Ei symbolsk dør skjulte ein minnepenn med videoar og meir informasjon.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Vi har ei anna tilnærming enn dei med makta. Dei vaksne som køyrer bil, seier Åse Kristin Bakke frå Sandøy, leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Nestleiar Asgeir Stavik Hustad er klar på at dei som faktisk nyttar tilboda i størst grad må ha ei stemme.

– Når der er manglar er vi dei første som merkar det, og då veit vi kor skoen trykkjer. Det er éin av grunnane til at vi vil sørgje for at ting blir betre, seier moldensaren.

– Kan få konsekvensar for prosessar

Ungdomane frå Midt-Noreg presenterte prosjektet dei har haldt med sidan mai, framfor imponerte stortingspolitikarar. Rutinerte Rigmor Andersen Eide (KrF) var svært imponert over arbeidet.

– Noko av det kjekkaste eg gjer som politikar er det eg gjer no. Det er å ta imot folk på Stortinget som skal gi meg kunnskap om noko, for det gjer meg betre som politikar.

– Den kunnskapen de har gjeve meg i dag, med engasjementet og dei konkrete punkta, kjem eg til å ta vidare til vår person i transportkomiteen. Eg vil fortelje kor viktig det er at ungdom blir involvert. Det kan få konsekvensar for prosessar her på Stortinget, sa Andersen Eide under møtet.

Å bli involvert og tekne på alvor i samferdslespørsmål var den raude tråden.

Saka held fram under bildet.

Ungdom møtte stortingspolitikarane

Ungdom og politikarar frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag samla til møte på Stortinget torsdag.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Uvanleg engasjement

Politikarane var over seg av begeistring over det store engasjementet, og for Høgre-politikar Helge Orten var det litt ekstra gledeleg.

På Stortinget

Pål Farstad (V), Åse Kristin Ask Bakke (leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal), Rigmor Andersen Eide (KrF), Asgeir Stavik Hustad (nestleiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal) og Helge Orten (H) på Stortinget.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Han er svært oppteken av samferdslepolitikk, og har vore ein del av samferdsleutvalet i Møre og Romsdal før han i september blei valt inn på Stortinget.

– Det er positivt at ungdomen engasjerer seg i andre spørsmål enn utdanning. Samferdsle er ikkje noko ungdomane vanlegvis pratar med oss om, men eg er svært glad for at dei gjer det. Det er eit område som er viktig for dei om 10, 20 og 30 år, når mange prosjekt blir realisert, fortel Orten til NRK.

No håper han politikarane verkeleg tek dei unge på alvor.

– Eg trur dei har ganske mykje å bidra med. Dei ser ting frå eit anna perspektiv i for eksempel ei planleggingsfase. Kanskje spesielt på kollektivløysingar, for mjuke trafikantar – som dei faktisk er, seier Høgre-politikaren.

Vil forenkle språket

Eitt punkt som fekk jubel frå både ungdom og garva politikarar, var at språket burde bli enklare. For politikarspråk og interne frasar i samferdslepolitikken kan vere eit vanskeleg slalåm.

– Eg forstår dei veldig godt. Eg skulle med jobbe med fiskeripolitikk og strukturering av kystfiskeflåten då eg kom på Stortinget første gong i 2002, opna Andersen Eide.

– Eg las meg ganske vekk, og skjøna ikkje alt. Eg måtte be om ei ordliste, noko eg fekk. Kanskje vi no kan få ei ordliste over delar av politikarspråket?, spurte KrF-politikaren.

Både ho, Orten og Pål Farstad frå Venstre håpte ungdomane òg ville engasjere seg i endå fleire saksfelt – på sikt.

Saka held fram under bildet.

Leiar og nestleiar i Ungdomspanelet

Leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Åse Kristin Ask Bakke, saman med nestleiar Asgeir Stavik Hustad. Ho er frå Sandøy, han er frå Molde. Her på Stortinget i Oslo.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Håper dei tek det vidare

Orten frå Høgre trur òg at ungdomane kan røske litt opp i gamle tankar på samferdslefeltet. For tidsbruken er meiningslaus, seier han.

– Det må vi gjere noko med, for det er eit samfunnstap i det store og heile. Ein planlegg og det kan gå 10, 20 og 30 år før noko skjer og prosjektet blir realisert. At ungdom engasjerer seg kan vere ein utolmodig faktor, trur Orten.

Ungdomane sjølve var svært glade for mottaking på Stortinget, og trur òg at dei kan sette fart på ting.

– Det viktigaste er at ein nyttar seg av ungdomane ein har i eige lokalmiljø, gjennom ungdomsråd og ungdomsorganisasjonar. Om Statens vegvesen gjer det òg, så trur eg vi kan få det betre i samferdslesektoren enn i dag, meiner nestleiar i Ungdomspanelet, Asgeir Stavik Hustad.

– Vi har fått mange veldig gode reaksjonar, og dei har fått konkrete tiltak dei kan ta med seg vidare. Så no håper eg dei tek det vidare, seier leiar i Ungdomspanelet, Åse Kristin Ask Bakke.

Begge to er klare på at dei vil følgje opp både lovord og lovnader frå stortingspolitikarane.

  • Sjå TV-saka her:
    Engasjert ungdom frå Midt-Noreg blei vist rundt på Stortinget av politikar Rigmor Andersen Eide (KrF). Ungdomspanelet (UP) i Møre og Romsdal, Ungdommens fylkesutval (UFU) i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag barne- og ungdomsråd (NTBUR) har gått saman for å få innverknad i samferdslespørsmål.