Hopp til innhold

Ungdom vil vere med å bestemme samferdsel

– Eg håper det blir debatt, og at me kan kome fram til mange gode forslag me kan spele inn for regjeringa, seier Åse Kristin Ask Bakke.

Samferdselsmøte for ungdom

Ungdom vil inn for å seie kva dei meiner i samferdselsprosjekt. Fredag møttest dei i Trondheim for å diskutere med Vegvesenet og politikarar.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Åse Kristin Ask Bakke

Leiar Åse Kristin Ask Bakke håper dei får mange gode innspel frå dialogmøtet i Trondheim.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Møtet vart arrangert av Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Ungdommens Fylkesutvalg i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag Barne- og Ungdomsråd. Til møtet var både politikarar og folk som jobbar med samferdselsspørsmål inviterte.

– Me, ungdomen, vil vere med i planlegginga frå dag ein, sa Ask Bakke i opninga av møtet. Ho er leiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal og meiner at dei kjem for seint inn slik det er i dag.

– Dei prosjekta som blir planlagde i dag, er dei me skal leve med når me blir vaksne. Så for å seie det enkelt: Me unge vil vere med så tidleg i prosessen som mogleg, sa ho til dei frammøtte.

Nyttig lærdom

Så følgde innleiarar frå Stortinget, Statens vegvesen, og andre regionale og kommunale representantar. Spørsmål som korleis prosessen går frå idé til realisering av vegprosjekt, og kva som er viktige prioriteringar var med i spørsmåla.

– Det er veldig nyttig å få vite korleis dei jobbar. Då veit me betre kva me kan gjere i prosessane, seier leiaren i Ungdomspanelet.

Ein viktig del av møtet var inndeling av deltakarane i grupper. Så skulle kvar gruppe kome med forslag til korleis dette kan bli betre. Korleis kan ungdomen kome tidlegare inn, og påverke sakene som vil påverke deira eiga framtid?

Aksjonere meir

Samferdselsmøte i Trondheim

«Ungdom må inn på eiet meeeeget (!) tidleg stadium», «Mer skolering av politiske prosessar» og «bruke klassens time», er nokre av innspela som kom i løpet av gruppediskusjonane.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Eg håper det kjem mange gode forslag. Eg håper at det ikkje blir berre eitt forslag, men at det kan bli litt debatt på det.

Forslaga frå dei seks gruppene blir slått opp på veggen i fylkestingssalen. Alt frå at ungdom må opplærast i dei politiske prosessane, til å aksjonere for å få meir innverknad.

No skal organisasjonane finne ut kva dei skal ta med vidare til Stortinget.

– Eg synst her var veldig mykje bra, og vil ta med meg alle desse forslaga, seier ho etter å ha sett over forslaga som er slått på veggen.

Dreg til Stortinget

No tek dei med seg forslaga, og i haust reiser dei til Stortinget i håp om å få fleire politikarar på laget.

– Me har gjort mykje arbeid, så det er dumt om det blir gløymt med ein gong. Me håper verkeleg at politikarane tek oss på alvor, seier leiar Åse Kristin Ask Bakke i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL